Dei siste tolv åra har DNO International betalt nesten 100 millionar kroner til selskap knytt til Berge Gerdt Larsen.

Pengane har gått til å dekkje konsulenttenester, administrasjonsutgifter, advokatkostnader og andre utgifter, ifølgje ei børsmelding selskapet har sendt ut i dag.

Storaksjonær RAK Petroleum vil leggje sine oljelisensar i Midtausten inn i DNO International, i bytte mot å få auke sin aksjepost frå 30 til 40 prosent i DNO International.

Då styret i sommar avgjorde at det ville støtte planen, vart det og vedteke å avslutte det forretningsmessige samarbeidet med Larsen-tilknytta selskap.

DNO International vil og krevje attende ein del av kostnadene selskapet har hatt med å dekkje juridiske utgifter for Larsen-tilknytta selskap. Brotet med Larsen vart forsterka med børsmelding i dag, og kjem like etter at Larsen mana til aksjonæropprør i DNO International.

Larsen har markert seg som ein sterk motstandar av planen om å la RAK Petroleum få slå sine oljelisensar saman med DNO International. Laurdag sende Petrolia, der Larsen er stor aksjonær, ut ei oppfordring til alle aksjonærane i DNO International om å stemme nei til planen på den ekstraordinære generalforsamlinga 1. november. Til saman eig Larsen og Petrolia 4,66 prosent av aksjane i DNO International.