Filmstjerna kom til oljebyen for å presentera sitt oljevernprosjekt Blue Planet Solutions torsdag. I dag møtte han til pressekonferanse, der Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund nytta sjansen til å stilla Costner spørsmål om korleis Blue Planet-systemet fungerer.

— Eg kjem audmjuk til denne messa for å presentera ei løysing på eit miljøproblem, sa Kevin Costner, som var omgitt av det største presseoppbudet på oljemessa hittil.

Kevin Costners selskap Blue Planet Solutions skal ha hatt suksess med å hjelpa BP med å rydda opp etter det store oljesølet i Mexicogolfen i sommar. Costner er i Noreg for å finna samarbeidspartnarar til prosjektet sitt.

Hollywood-stjerna har heilt sidan 1990 vore involvert i utvikling av oljeoppryddingsteknologi gjennom selskapet Costner Industries, og seinare i Blue Planet Solutions og Ocean Therapy Solutions. Teknologien går ut på å samla opp råolje straks etter utsleppet.

I slutten av mai i år kjøpte BP seks oppsamlingsmaskinar av Costners sine selskap etter katastrofen med boreriggen Deepwater Horizon. Ulukka kosta 11 menneske livet, og oljeutsleppet varte i 87 dagar.

Oddekalv opplyser til bt.no at han har invitert Costner om bord i Miljødronninga i kveld. Der vil stjernen få økologisk øl og kvalkjøtt om han dukker opp.

Oddekalv kan bli en av de norske samarbeidspartnerne til Kevin Costner.