Stikk i strid med den raud-grøne regjerigas klimapolitikk er det i dag 107 kroner billigareper tonn å sleppa ut CO2 enn det var for fire år sidan, skriv Stavanger Aftenblad.

Spart milliardar

Dermed har oljebransjen spart 2,3 milliardar kroner på avgifter for CO2-utslepp sammenlikna med det det dei betalte for fire år sidan. Det viser utrekningar frå Norges Naturvernforbund.

Naturvernforbundet har rekna ut kva kostnader oljebransjen har hatt for klimagassutslepp (CO-avgift og klimakvotar) i åra 2008 til 2011. Oversikta viser at kostnaden er blitt kraftig redusert etter at oljeindustrien blei tatt med i kvotesystemet.

Den «gamle» CO2-prisen var på 376 kroner tonnet. Ein pris som blir redusert til rundt 269 kroner tonnet i 2012. Det er altså blitt 107 kroner tonnet billegare å forureina.

— Kva konsekvensar får det at oljeindustrien ikkje betaler ein så høg pris for utsleppa sine?

— Det betyr at det blir meir lønsamt med større utslepp. Det fører til auka utslepp og mykje dårlegare insentiv til å kutta klimagassutsleppa for Norges største forureinar, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund. Oljeindustrien står for ein fjerdedel av dei norske klimautsleppa.

— Oljeindustrien har fått rabatt på forureining sidan Klimaforliket, seier leiaren i Naturvernforbundet.

- Regjeringa bør justera kursen

Den særnorske CO2-avgifta har gjort norsk sokkel til den reinaste oljeverksemda i verda, men blei redusert då EU-kvotesystemet kom i 2008. Den variable kvoteprisen blei lagt på toppen.

Då CO2-avgifta vart redusert, gjekk regjeringa ut frå ein kvotepris på 160 kroner tonnet. I dag ligg kvoteprisen nærare 60 kroner tonnet.

— Målet for regjeringa var at det skulle kosta like mykje å forureina som før omlegginga, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

— I ein liten periode i 2008 var kvoteprisen oppe på det forventa nivået, men sidan har prisen vore låg. Avgifta burde aldri ha blitt redusert. Utsleppa frå oljeindustrien er i ukontrollert vekst. Nå må i alle fall avgifta auka, slik at rabatten oljeindustrien har fått på si forureining, blir fjerna, seier han.

Kvoteprisen blir låg også i 2012

Den økonomiske nedgangen i Europa er hovudgrunnen til at kvoteprisen har rast nedover sidan 2008. — Ein annan faktor er utbygginga av fornybar energi som er blitt større enn det var rekna med, seier Stig Schølset som er leiar for europeisk karbonanalyse i Point Carbon.

Han seier utsiktene for 2012 tilseier ein framleis låg kvotepris.

— I dag ligg prisen rundt 8 euro (rundt 61 kroner) og me forventar at kvoteprisen i gjennomsnitt blir 9 euro (69 kroner) i 2012. Me ventar at prisen vil gå ned igjen til 8 euro igjen i 2013, seier han.

Schølset legg til at EU diskuterer meir ambisiøse reduksjonsmål for 2020: Om klimamålet skal aukast fra 20 til 30 prosent kutt i utsleppa. Om EU skjerpar klimaambisjonane kan kvoteprisen gjera eit hopp oppover. Men om den økonomiske krisa blir verre, kan kvoteprisane gå endå lenger ned.

- CO2-avgifta må opp

— CO2-avgifta er kanskje det viktigaste klimatiltaket som er innført i Norge, seier Haltbrekken.

Formålet med CO2- avgifta var at det skulle vera dyrt å sleppa ut forureinande gassar. Dermed ville det løna seg for bransjen å utvikla og ta i bruk meir miljøvenleg teknologi og produksjonsmetodar.

— 20 år etter står regjeringa nå i fare for å øydeleggja avgifta, sier Haltbrekken.

— Dersom ikkje CO-avgifta blir auka, vil oljebransjen spara ytterlegare 1,2 milliardar på forureininga i år, seier Lars Haltbrekken. Han meiner ein kraftig auke i CO-avgifta er det aller viktigaste tiltaket som bør komma i klimameldinga. Framlegginga av meldinga vart i sist veke igjen utsett, denne gongen til juni.

Gratiskvoter frå 2013

Framover kan situasjonen bli endå verre, ifølgje Haltbrekken: Frå første januar 2013 vil også norsk oljeindustri vil få tildelt gratiskvoter på lik linje med annan industri i EU.

Regjeringa sa rett før jul at tildelinga av kvoter ikkje vil ha direkte verknad for CO-prisen som petroleumssektoren står overfor. Men dei legg til grunn at sektoren ikkje skal få økonomiske fordeler på grunn av dette, og lovde å komma tilbake med forslag.

— Det som må skje, er at regjeringa må auka CO-avgifta ytterlegare, og i alle fall til det avgiftsnivået oljeindustrien hadde tidlegare. Me treng ein auke i revidert nasjonalbudsjett og statsbudsjettet for 2013, kommenterer Haltbrekken.