Stord-selskapet kjøper halve aksjeposten i singaporske Aluminium Offshore, som produserer helikopterdekk i aluminium. I bystaten mellom Malaysia og Indonesia skal nyskapningen Apply Leirvik International laga bustadkvarter i samme lettmetall for den veksande asiatiske og australske offshoremarknaden.

Gudrun og båt

Administrerande direktør Lars Solberg ved Apply Leirvik meiner nordmennene har eitt og anna å læra australarar og asiatar om offshorekonstruksjonar. Til Nordsjøen og norsk sokkel har Apply Leirvik og dotterbedrifta Emtunga i Sverige levert 120 bustadkvarter, som tilsvarar 80 prosent av marknaden. I går starta arbeidet på Gudrun-plattforma sine bustadmodular, for levering neste sommar.

Apply Leirvik byggjer for tida også eit snøggbåtskrog for naboen Oma Baatbyggeri, og har lagt bak seg om lag eit samanhengjande år med permitteringar for sine 275 tilsette.

— Det kjem store utbyggingar i Australia og i asiatisk farvatn, særleg av gassfelt i blant anna Malaysia, Kina og Vietnam. Singapore er marknadssentrum i Austen, og vi har fått innpass hos førstvalet vårt blant samarbeidspartnarar vi søkte etter, seier Lars Solberg, utan å vilja røpa prisen for halve aksjeposten i eit selskap som har rundt 40 prosent av verdsmarknaden for helidekk.

Lagar ingeniørar

Apply Leirvik-direktøren ser ei utvikling der verkstaden på Stord i aukande grad vil stå for samansetting av modular prefabrikkert i Singapore. Det tyder ikkje at det blir mindre behov for norsk arbeidskraft, for Apply Leirvik har ein veksande ettersalsmarknad i Nordsjøen å ta seg av, og treng stadig fleire ingeniørar.

— Konseptutvikling også for den asiatiske og australske marknaden vil skje ved hjelp av teknikarar og ingeniørar på Stord.

— På kort sikt treng vi 15 - 20 ingeniørar. Men etterspørselen er stor, derfor er det viktig for oss å få fart på planane om ei regional ingeniørutdanning. Det er svært viktig for oss, Aker og Wärtsilä å få etablert ein teknisk fagskule på Stord, seier Lars Solberg.

- Det kjem store utbyggingar i Australia og i asiatisk farvatn, seier administrerande direktør Lars Solberg ved Apply Leirvik. ARKIVFOTO: Ove A. Olderkjær