Stord

— Vi har lært oss til å venta. Men dette er eifantastisk sak. Endeleg skjer det noko innan vindkraft også i Hordaland, seierOle Vidar Lunde, sjefen for Fitjar Kraftlag, som saman med danske Dong Energystår bak Midtfjellet Vindpark i Fitjarfjella.

Det er EFTAs overvakingsorgan ESAsom har godkjent statstøtta på 346,5 millionar kroner som Enova i fjor gavvindkraftprosjektet. Midlane er langt frå nok til at heile vindkraftanlegget påover 40 vindmøller vil bli realisert.

— I vår siste søknad til Enova hadde vi redusertanlegget til det halve, om lag 20 vindmøller som ein fase 1, seier Lunde.

Anbod

No skal Midtfjellet Vindkraft AS lysa ut anleggsarbeid ogvindmølleutstyr på anbod. Blir desse avgjort før sommarferien, kananleggsarbeidet starta i 2011, er Ole Vidar Lunde sitt håp.

Vindparkanlegget i Fitjarfjellet har blit utsett på ubestemttid etter at konsesjonen låg føre tidleg i 2008. Årsaka har vore at prosjektetførst i fjor kom med på tildelingsrundane som statlege Enova har hatt tilnorske vindkraftprosjekt.

Utsettingane erårsak til at ein tidlegare avtale om entreprenørarbeid blir kansellert, og atdet blir opna for ein ny anbodsrunde også for desse faga.

ESA måtte inn

Den store statsstøtta gjorde at ESAblei involvert. Overvakingsorganet opplyser at sake er vurdert nøye i tråd med etningslinjerfor statsstøtte til miljøvern.

”Retningslinjene tillater atstaten støtter miljøtiltak hvor den miljømessige gevinsten av statsstøtten erstørre enn den potensielle konkurransevridningen. Særlig kan støtte gis tilprosjekter for produksjon av fornybar energi, for å kompensere for høyeinvesteringskostnader”, heiter det i grunngjevinga.

Midtfjellet vindkraftanlegg, Fitjar. Fotomontasje: Midtfjellet vindpark AS
Ove A. Olderkj�r