— Det tek berre litt lenger tid, seier konsernsjef Simen Lieungh.

Han viser rundt på riggen Deepsea Atlantic i det beste vêret han nokon gong har opplevd til havs. 130 kilometer vest for utløpet av Sognefjorden og ei dryg mil sør for Gullfaks C-plattforma har mannskapet på riggen starta arbeidet med å bore ein ny produksjonsbrønn for Statoil.

Ute på dekk er knapt eit vindpust, varm ettersommarsol og så klar luft at nesten 20 andre plattformer kan sjåast frå toppen av riggen.

I vår håva selskapet inn åtte av dei 18 borekontraktane Statoil lyste ut, eit oppdrag som i beste fall kan gi selskapet 15 milliardar kroner i inntekter dei neste ti åra.

I starten av august fekk selskapet ein avtale om å drive tre borefarty i Brasil gjennom eit samarbeid med det brasilianske industriselskapet Galvao. Odfjell og Galvao eig halvparten kvar av Odfjell Galvao, selskapet som skal stå for drifta av borefartya. Ein milepæl for Odfjell Drillings arbeid med å få innpass i den brasilianske marknaden, sa Lieungh då.

Bomma på børs

Men i vinter såg ikkje alt like bra ut. I mars måtte Lieungh innsjå at den planlagde børsnoteringa av riggar og boreskip ikkje blei noko av.

Målet var å hente inn mellom 2,4 og 3,3 milliardar kroner i ny eigenkapital til dotterselskapet Odfjell Offshore, som eig riggar og boreskip. Etter kapitalutvidinga ville dei nye investorane vere medeigarar i Odfjell Offshore, medan Odfjell Drilling – som er eigd av søstrene Helen og Marianne Odfjell – framleis skulle stå for drifta gjennom ein såkalla managementavtale.

Denne modellen fall ikkje i smak hos investorane, som heller ville ha eigarskap og drift samla i eitt selskap.

Skulle børsnoteringa gjennomførast, måtte dei nye investorane få ein større eigardel enn Odfjell-søstrene fann freistande. Dermed blei børsnoteringa avlyst.

No er børsplanane lagt på is, i all fall i år og neste år. Blir planane tekne fram på ny kan det hende både eigarskap og drift blir samla i eitt selskap.

— Vi fekk ei tilbakemelding sist, og det må vi ta omsyn til, seier Lieungh.

720 millionar dollar

Deepsea Atlantic kosta om lag 4,5 milliardar kroner. Den blei levert frå verftet i Korea i 2009, og kontrakten den går på no, gir Odfjell Drilling inntekter på cirka tre millionar kroner dagen.

Hadde børsnoteringa gått i boks, var planen å bruke pengane til å byggje ein ny rigg av same type, utan å ha sikra seg kontrakt på å leige den ut først.

Ein slik spekulasjon er ikkje aktuell no, men dersom Odfjell Drilling lukkast i å få ein langsiktig leigeavtale kan selskapet likevel kome til å tinge ein ny rigg, ifølgje Lieungh. Med ein langsiktig leigeavtale i ryggen er det råd å få bankar med på finansiering.

— Eg ser ikkje bort frå at om vi får kontrakt, så kan vi sette i gang, seier Lieungh.

Verfta i Korea er på jakt etter nye oppdrag, og Lieungh reknar med at ein ny rigg kan bli ei par hundre millionar kroner billegare enn Deepsea Atlantic.