«Her lille venn, mamma har laga deilig svinesteik til deg. Den er proppa med den multiresistente stafylokokkbakterien MRSA CC398, som har begynt å ta livet av danskane. Men guuud kor billig den var, gap opp!»

Slik starta Marion Solheim debattinnlegget sin på BT i dag, torsdag. Ved midnatt er han vorte delt 29.000 gonger og fått over 185.000 klikk. Det gjer han til Noregs desidert mest delte sak i sosiale medier.

Sjølv hadde forfattaren vore nøgd viss berre 50 personar hadde lest han.

— Dette er heilt vanvitig! Eg har fått utruleg mange e-postar og meldingar. Responsen har vore overveldande, fortel Solheim.

- Mykje oppgulp

Ikkje hadde ho trudd at innlegget skulle ta av, midt i mylderet av diverse innlegg om jordbruksoppgjeret.

Det var faktisk alle dei ulike innlegga i media som sat skrivinga i gang, fortel ho.

— Eg syns det er utruleg mykje oppgulp av fordommar i fleire debattinnlegg og kommentarar i kommentarfelta. Lite er faktabasert og utan perspektiv. Etter at eg såg NRK-debatten om jordbruksoppgjeret sist veke, fekk eg nok av nedlatande haldningar og gamle mantra, seier Solheim.

Det tok rett og slett fyr i topplokket, slik ho sjølv skildrar det:

— Eg trur ikkje folk flest har lyst å putta i seg kva som helst mat, som er laga på kva som helst måte. Folk flest vil ikkje støtta ein industri som er så lite dyrevenleg. Det er jo mat det er snakk om, og ikkje spikar og pinnestolar, seier Solheim.

Store fabrikkar

Folk gløymer at store jordbruk er som svære fabrikkar, meiner Tor Wallin Andreassen, professor i marknadsføring ved Norges Handelshøyskole (NHH).

— Mindre jordbruk har større nærleik og skapar personleg engasjement, så her har forfattaren tydelegvis treft nokre bass-strenger i det norske folk, seier han.

Han viser til at nordmenn har sterke emosjonar til bønder, spesielt på Vestlandet der gardsbruka ofte er små.

— Folk sympatiserer seg med bønder og vener av vener engasjerer seg i debatten. Når engasjementet vert så stort som dette, så har ein verkeleg treft ein emosjon i folket, seier Andreassen.

— Innlegget engasjerer både dei med økonomiforståing og dei som romantiserer bondeyrket, legg han til.

Kapitalismen tapar

Anja Eilertsen, ein av dei to grunnleggjarane av den økologiske matbutikken Reindyrka i Bergen, trur innlegget har treft nokre grunnverdiar i folket.

— Det sterke engasjementet viser at den sunne fornufta overgår pengefornufta, seier miljøforkjemparen.

Dei merkar aukande interesse for økologiske matvarer og produkt frå små og lokale leverandørar.

— Alle slags folk kjem innom oss, både den fattige studenten og dei med tjukkare lommebok. Samstundes satsar fleire på lokal matproduksjon. Det verkar som om nordmenn har vakna opp, seier Eilertsen.

— I Tyskland har dei sett elvar og skogar døy på grunn av industriell matproduksjon. Det har me enno ikkje sett i Noreg, skyt ho inn.

BØNDER I BYEN: Tirsdag vart det stort opptog i Oslo av at bøndene er særs misnøgde med regjeringa sitt tilbod i jordbruksoppgjeret. Slik såg det ut under ein tilsvarande markering for to år sidan. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND
Håvard Bjelland

Stille frå Hegnar

NRK inviterte sist veke subsidiemotstandar Trygve Hegnar til debatt om jordbruksoppgjeret. Det var Hegnar sine standpunkt i nettopp denne debatten som vart utslagsgjevande for at Solheim tok pennen fatt.

Ein ordknapp Hegnar har ikkje lyst å snakka om innlegget med Bergens Tidende.

— Ingen kommentar, seier han.

- Må visa seg fram

Solheim skulle på si side ønskja at bøndene var meir frampå i jordbruksoppgjera.

— Eg er ueinig med forma dei gjer ting på. Det vert mykje hua i handa. Eg syns dei skal vera friskare og stå for det dei gjer. Dei lagar god og rein mat, og det er ikkje noko alle har her i verda. Det må dei visa fram!