Ved opninga for 19 år sidan var fabrikken på Trollebø ved Måløy den mest moderne i verda. I 2005 vart arbeidsstokken halvert. I dag kom meldinga om at fabrikken på Måløy leggjast ned.

— Vi taper pengar på Trollebø. Det har vi gjort i fleire år, sa konsernsjef Rolf Domstein til Bergens Tidende før helga.

Høgt norsk kostnadsnivå samanlikna med konkurrentar i Kina og Aust-Europa er årsak til underskota, ifølgje Domstein.

— Marknaden og volumet i Norge er ikkje stort nok for å utnytte fabrikken i Måløy godt nok, seier Domstein til FiskeribladetFiskaren. Ifølgje avisa kan fabrikken ta unna meir enn dobbelt så mykje råstoff som den gjer i dag.

Aukar i Sverige

Etter å ha seld seg ut av lakseoppdrett og pelagisk industri (som foredlar sild og makrell) var filetfabrikken i Måløy den viktigaste fabrikken Domsteinkonsernet har att i Norge. Domstein har allereie 150 tilsette på sine svenske fabrikkar, i Lysekil og Kungshamn.

— I Sverige har vi god lønsemd, seier Domstein.

Der er fiskerikonsernet innanfor EU, og satsar på bearbeidde fiskeprodukt – til dømes fiskegrateng. Skal gratengen lagast i Noreg blir det toll, og tollmuren mot EU gjer det vanskeleg å finne ei løysing for fabrikken i Måløy.

— Det er avgrensa kva vi kan omstille oss til, seier han.

Den tradisjonelle filetindustrien som anlegget på Trollebø er ein del av, har slite tungt i årevis. Fordelen av å liggje nær fiskefelta er borte. Grunnen er at fiskarane i aukande grad frys fisken straks den er trekt om bord. Samstundes som mellom andre kinesarane har bygd opp ein stor filetindustri som tinar fisken, fileterer den og pakkar den om i forbrukarpakningar før den blir skipa til marknaden i Europa og USA. Til og med i Vardø, med utsikt rett ut i Barentshavet, kan du plukke 400 grams filetpakningar opp av frysedisken etter at fisken har tatt turen halve jorda rundt og attende.

Nedtur på børsen

År 2000 blei eit av dei beste nokon sinne for Domsteinkonsernet. Konsernet hadde slått oppdrettskonsesjonane sine saman med Fjord Seafood og sjølv blitt stor aksjonær i det børsnoterte oppdrettsselskapet. Sommaren 2001 var det tid for børsnotering.

Men festen etter børsnoteringa hadde knapt lagt seg før Rolf Domstein fekk hendene fulle med å takle ein av dei verste krisene oppdrettsnæringa har vore gjennom. I løpet av eitt år måtte Fjord Seafood to gonger be aksjonærane om meir pengar for å overleve. Sommaren 2005 selde Domstein oppdrettsaksjane sine då skipsreiar og investor Fredriksen samla Fjord Seafood, Pan Fish og Marine Harvest til å bli verdas største oppdrettsselskap.

— Fjord Seafood, det blei ein flopp dessverre. Vi tapte pengar. Det sette Domstein tilbake, seier Domstein.

I 2010 selde konsernet aksjeposten sin i Norway Pelagic for 303 millionar kroner.