I dag har statlege Enova tildelt 631,5 millionar kroner i støtte til nye vindkraftprosjekt på Lista, i Trøndelag og Finnmark. Heller ikkje denne gongen nådde Midtfjellet vindpark i Fitjar opp. Det er uvisst når tid Hordaland kan få si første permanente vindmølle.

Lokalpolitisk motstand førte for to år sidan til skrinlegging av store vindkraftutbyggingar i Austevoll og på Bømlo. I Øygarden er tilsvarande motstand etablert.

Nok til 22.500 hus På Fitjar har både kommunestyre, NVE og Olje— og energidepartementet for lengst gitt grønt lys for Midtfjellet vindpark. Danske Dong Energy og Fitjar Kraftlag står bak 150 megawatt-prosjektet av 46 vindmøller som kan forsyna 22.500 husstandar med el-straum.

Selskapet har skrive intensjonsavtale med entreprenør, og ventar berre på Enova-støtte til eit prosjekt kostnadsrekna til knapt 1,1 milliard 2005-kroner. Støttebehovet ønskjer ikkje utbyggjaren å konkretisera, men det er truleg på rundt ein halv milliard kroner.

Sidan 2001 har Enova godtkjent i alt 17 vindkraftprosjekt langs kysten, men har i tre utlysingsrundar dei siste to åra vraka Fitjar-søknaden.

Siste sjanse Enova grunngir prioriteringane sine med energiutbyte pr. støttekrone. Fire av sju søknader nådde ikkje opp denne gongen, blant dei Tysvær i Nord-Rogaland i tillegg til Midtfjellet.

Neste og siste sjanse før ein nordisk el-sertifikatmarknad er på plass, er Enovas planlagte utlysing til hausten, med tildeling tidleg i 2011.

— Vi ser at kostnadane ved utbygging av vindkraft har gått ned sidan 2008. Dette er gode nyhende for vidare utvikling av vindkraft i Noreg. Vi håpar vår støtte kan gi bransjen eit ytterlegere løft slik at fleire vindparkar no blir bygde ut, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Dei tre prosjekta som i dag er tildelt støtte er Lista i Vest-Agder (Norsk Miljø Energi Sør), Ytre Vikna i Nord-Trøndelag (NTE Energi) og Havøygavlen vindkraftverk i Finnmark (Statoil). Prosjekta vil gi om lag 325 GWh ny fornybar energi.

Hva synes du om vedtaket? Si din mening her.