Etter å ha lidd nederlag i kampen om Hardangermastene satsar aksjonistane no på at slaget om kraftlina frå Ørskog til Fardal kan vinnast.

— Me har den største sympati med grunneigarane som no opplever å verte fullstendig overkøyrde av Statnett og styresmaktene, seier aksjonsleiar Synnøve Kvamme.

Endra trasé

Det var etter at energiminister Ola Borten Moe endra traseen til kraftlina og la den gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger at grunneigarane gjekk til retten.

— Eit naturreservat er det sterkaste naturvernet me har i Noreg. Kva er dette vernet verdt når Ola Borten Moe så enkelt kan flytta kraftlinjetraseen tvers gjennom Sørdalen naturreservat av omsyn til partifeller, spør Synnøve Kvamme. Pengestøtta på 15.000 krober håpar ho skal motivere grunneigarane.

Inspirasjon

— Det er dyrt og krevjande å føra sak mot staten, så me håpar at vårt bidrag til Myklebust grunneigarlag vil inspirera andre til å gjera det same. Desse grunneigarane kjempar ein nødvendig og viktig kamp mot ei urovekkande samfunnsutvikling, seieren leiaren i Hardangeraksjonen. Ho meiner sakene er særs viktige prinsipielle sider.

— Det er eit demokratisk problem at det er enkeltpersoner som må sørgja for at det får konsekvensar når statlege selskap bryt lova, og det er viktig at nokon tar kampen i rettsapparatet i slike saker, seier Synnøve Kvamme.