Lerum vart 69 år gammel og etterlet seg kone, tre born og syv borneborn.

«Det er med stor sorg vi i dag må meddele at vår kjære far og onkel, Bjarne Lerum, døydde den 12. oktober etter lengre tids sjukeleie,» heiter det i ein pressemelding fra Lerum AS.

Etter teknisk utdanning i Sverige og eit kort opphald i Belgia, kom Bjarne attende til Sogn i 1964 og begynte oppbygginga av Lerum som ei moderne næringsmiddelverksemd saman med broren Kåre Lerum.

Bjarne Lerum planla og leia bygging og utvikling av Lerum sine store produksjonsanlegg for saft, syltetøy, jus og brus.

«Han hadde ein ekstraordinær arbeidskapasitet, kreativitet og evne til gjennomføring av prosjekt,» heiter det i pressemeldinga, som er underskriven av Trine Lerum Hjellhaug, Bente Lerum Lund, Gro Lerum Bondevik, Grethe Kristin Lerum og Kurt Lerum.

«Lerum var styremedlem og teknisk direktør i selskapa fram til han døydde. Han vil bli hugsa som ein ansvarleg eigar, ein klok leiar, ein god kollega og ein kjær far og onkel.»

Bjarne Lerum eigde halvparten av Lerum-konsernet fram til han og broren overførte aksjane til 4. generasjon i 2005.

Lerum-konsernet er mest kjend for sine saft— og syltetøyprodukt.