• UTSELD: På Slettebakken, eit steinkast frå Bybanen, er handverkarane i ferd med å gjere seg ferdige. Alle dei fire leilegheitene og dei tre rekkjehusa i bygget har for lengst fått sine eigarar, og rett nedanfor er gravemaskinene i ferd med å klargjere nye tomter. Men det skjer ikkje ofte nok: Kvart år blir det bygd 1.000 bustader for lite i Bergen.

    FOTO: BT

Bergen tregast blant storbyane

Bergen kommune brukar nesten tre gongar så lang tid på ei plansak som kollegaene i Oslo og Stavanger.

- Du ser dei grev nedanfor her. Der kjem det sikkert 100 bustader. Det var visst så godt sal at dei sette i gang litt før dei hadde tenkt, seier Frode Holmen.

Vi står på ei lita høgde på Slettebakken, der formann Holmen og folka hans nærmar seg slutten på eit bygg som inneheld tre rekkjehus og fire leilegheiter. Utseld for lengst.

Rett bort i vegen er det to store leilegheitsprosjekt til under bygging, inn i mellom blokkene og bustadhusa som allereie står her.

Dette er politikaranes draumebygg: Rett ved Bybanen, inn i mellom eksisterande busetnad. Fortetting heiter det. Til og med FN har vedteke at det er slik vi må byggje, av omsyn til matjord, klimautslepp og effektiv bruk av infrastruktur.

Tett trøbbel

Her, i Vilhelm Bjerknesvei, har det vore få konfliktar med naboane, fortel dagleg leiar Kjetil Helland i Bybo, som står bak utbygginga.

Men slik er det ikkje over alt. Kravet om fortetting er ein av årsakene til at Bergen ikkje klarar å byggje nok bustader.

- Fortetting er kontroversielt, fordi du støyter bort i bustadeigarar som ofte yter sterk og organisert motstand, seier Tore Jensen i arealplanleggingsfirmaet Opus.

Sidan 1990 har firmaet hans utarbeida planar for private utbyggjarar.

- Dette skjer samstundes med at store, nye bustadområde ikkje blir klargjort lenger, seier han.

Tidlegare vart område som Flaktveit og Rolland i Åsane, og Olsvik nord i Loddefjord, bygd ut ei ein stor jafs. Jensen peikar på at eit tilsvarande område, mellom travparken og Steinstø i Åsane, som i areal er like stort som heile Fyllingsdalen. Her kunne Bergen fått plass til 25.000 nye innbyggjarar, men heile prosjektet har gått i stå.

- Det skjer ikkje minst fordi Fylkesmannen ikkje ønskjer å byggje der, før ein har utnytta alle fortettingar i område med god kollektivdekning, seier han.

I tillegg har Vegvesenet sagt nei, fordi vegane ikkje vil klare å ta unna ein slik folkevekst.

- Ineffektiv kommune

Ein ringjerunde til ei rekke store utbyggjarar viser at byråd Filip Rygg har mykje å ta fatt i når han no vil få opp tempoet i bustadbygginga (sjå førre side). Ikkje minst må saksbehandlingstida ned.

Tal frå kommunedatabasen Kostra viser at saksbehandlingstida for vedtekne reguleringsplanar i Bergen har auka med 55 prosent sidan 2004. Bergen kommune ligg i dag langt bak dei andre storbyane: Medan ei plansak i snitt tek 564 dagar i Bergen, tek det berre 211 dagar i Oslo, 205 i Stavanger og 331 i Trondheim.

- Prosjekta vi ønskjer å setje i gang har eg jobba fem år for å få rammeløyve til. Så du må ha tolmod og lange pengar for å jobbe seriøst i denne bransjen, seier Anita Nysæther Kristiansen i Backer Bolig.

Sals- og marknadsdirektør Thomas Mælen i Waldegruppen meiner saksbehandlinga bør bli meir effektiv, ikkje minst i såkalla dispensasjonssaker. Ein stad å byrje, meiner han, er at kommunen og utbyggjarane blir meir samkøyrde:

- Det offentlege burde invitere oss inn til å sjå på korleis ein kan gjere prosessane meir smidige. Både i høve regulering, men også dei politiske måla. Og ikkje minst i lys av etterspurnaden i marknaden.

- For detaljorienterte

Planleggingsveteran Tore Jensen i Opus seier Bergens sinkestatus ikkje er noko nytt.

- Eg har ståande i hylla ei utgreiing vi gjorde for 10–12 år sidan. Då var problemet akkurat det same, seier han.

Jensen meiner det skuldast kulturen i avdelinga som handsamar private byggjeplanar.

- Det er litt meir fram-og-tilbake, og litt meir detaljpirk, enn det som er vanleg i dei andre byane.

Alle vil til byen

Om ein kan krangle om skuld, fortel statistikken tydeleg kvifor ein har bustadmangel og kraftig prisvekst på bustader i Bergen:

Sidan 2005 har Bergen fått 1.225 nye bustader kvart år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. I same periode har talet på husstandar auka med 2.223 i året. Med andre ord eit underskot på 1.000 bustader i året.

Det som driv utviklinga er ei aukande sentralisering, noko som skjer i heile landet. I Bergen auka folketalet i perioden 2002–2007 med 2.300 i året. Dei neste fem åra (2007-2012) vart vi 3.800 fleire kvart år. Og ferske framskrivingar SSB har gjort, tyder på at veksten vil halde fram dei komande tiåra.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Økonomi

Mann uten adresse
sendte 687.000 kr
kroner ut av landet

Den narkodømte mannen sendte ut 687.000 kroner fra Bergen til personer i utlandet. Han kan ha bodd på Paradis.

- Det har ikke gått
bra for oss, dette

Det skulle kostet 55 millioner. Nå har Jernbaneverket beregnet ombyggingen av Voss stasjon til 344 millioner. Prosjektlederen fikk sparken, og staten nekter å betale mer.

Dette skipet er for stort for Bergen

En brometer koster millioner.

Starbucks til Bergen

Kaffigiganten har planar om å opne ny kafé i Bergen, med mogleg oppstart i løpet av 2013.

Elektrokjempen Profitek konkurs

Kristiansandsbedriften Oneco skulle redde den bergenske elektrokjempen Profitek med 600 ansatte. Nå er Profitek likevel konkurs.

Marine Harvest vann
kampen om Cermaq

John Fredriksen vann første runde i kampen med Trond Giske om kontrollen over Cermaq.

Fakta

  • Fortettingssaker som vedkjem ei rekke partar, interesser og omsyn.
     
  • Fleire tilfelle der private planforslag ikkje er tilstrekkeleg kvalitetssikra i høve krav om skildring og framstilling.
     
  • Innvendingar frå t.d. Fylkesmannen.
     
  • Politisk handsaming.

Mest lest på økonomisiden

Rekrutteringsselskaper

Valutaer, indekser og råvarer

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 5,78
 
SEK
-0,00 0,87
 
EUR
+0,00 7,48
 
GBP
-0,04 8,73
Indekser +/- % Siste
 
Oslo Børs
-0,27% 493,09
 
Dow Jones
+0,34% 15 387,58
Råvarer +/- Siste
Nordsjøolje -0,77 103,14

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker