I morgon vil selskapet leggje fram sin nye strategi for analytikarar og investorar i Oslo. Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru er plattformkontrakten selskapet offentleggjer i dag, eit døme på det Bergen Group satsar på å få meir av framover.

Bergen Group Hanøytangen på Askøy skal lagre understellet til ein plattform som er under bygging i Kina og USA for oljeselskapet ATP Oil & Gas Cooperation. Klarer søsterselskapet Bergen Group Rosenberg å vinne oppdraget om å montere toppdekket, skal monteringen gjerast på Hanøytangen. I så fall er det første gang Bergen Group har gjort ein slik jobb på Hanøytangen.

-Vi er glade for å få tildelt desse kontraktane, sjølv om dei har ein avgrensa økonomisk verdi, seier konserndirektør for offshoredivisjonen i Bergen Group, Kristin Færøyvik.

Bergen Group har 1700 tilsette. 700 av desse arbeider i offshoredivisjonen, som omfattar Bergen Group Rosenberg, Bergen Group Hanøytangen og Bergen Group Kirkenes.

Tidlegare i år forsvann konsernsjef Pål Engebretsen, styreleiar Hans Olav Lindal, direktør for skipsbygging Inge Tangerås og finansdirektør Terje Iversen ut av Bergen Group. Storaksjonær Magnus Stangeland tok over som styreleiar igjen, i allianse med den andre storaksjonær, Brian Cheng.

- Det er sånn i røynda, det er eigarane som avgjer. Vi ønskjer å strukturere konsernet og auke børsverdien. Dei som går ville ha meir pengar inn for ytterlegare vekst, det vil ikkje vi eigarar, sa hovudaksjonær Magnus Stangeland til Bergens Tidende i juni i år.

Stangeland ville ha ny kurs, og opna for å selje unna deler av verksemda.

- Kanskje skal vi kvitte oss med noko, selje delar. Vi skal konsolidere og auke verdiar i staden for meir vekst. Vi ønskjer å stabilisere gruppa. Vi har ikkje teke ut utbytte. No skal verdiane aukast, då må eigarane på banen, sa Stangeland.