Stordabuen Jan Kåre Pedersen (56) sin 58 fots Princess ligg og duvar i novemberbølgjene i båthamna ved Rommetveit. Etter ein økonomisk stormfull periode er båten trygt tilbake i eiga til den tidlegare Telenor-tillitsmannen og Bravida-sjefen, som i dag er industriutviklar med base på Stord.

— Eg har kjøpt båten tilbake privat, seier Jan Kåre Pedersen.

Slapp moms

Pedersen slapp i 2007 å betala moms på båten til 11,2 millionar kroner ved å leggja han inn i eit heileigd aksjeselskap med føremål utleige. Utanom private turar nytta Jan Kåre Pedersen båten i fart mellom avdelingskontora i sitt tidlegare telemarketingselskap Stord Dialog - i Etne, Skånevik, Leirvik, Rosendal og Bergen.

I mai 2009 gjekk Stord Dialog konkurs, og Skatt vest merka seg i ein etterkontroll at tiltenkte leigeinntekter ført på Pedersens båtselskap DTB Utleie AS hadde uteblitt. Dermed var grunnlaget for momsfritak også borte.

Bad om oppbod

Skatt vest varsla Pedersen om dette i 2011, og fastsette i fjor sommar eit innbetalingskrav som med renter var kome opp i 2,9 millionar kroner. Med ingen andre aktiva i selskapet enn båten, og små utsikter til driftsinntekter, valde Pedersen - som einestyre i DTB Utleie - å be om oppbod i selskapet 23. august i år.

Bustyret oppnemnt av Sunnhordland tingrett 26. august tok konkursbeslag i båten. Nøyaktig ein månad seinare vedtok bustyraren, advokat Karl Anders Horneland, å abondonera fartøyet, med andre ord å oppheva beslaget. Det gjorde han fordi Sparebanken Vest hadde eit pantekrav i skipet på 7,4 millionar kroner, ein sum som ifølgje bustyraren oversteig dagens marknadsverdi.

Med abandonert båt og null verdiar i konkursbuet, nådde staten ingen veg med kravet om momsrefusjon. I alt var det registret krav i buet på 11,7 millionar kroner.

- Opp og avgjort

— Saka er opp og avgjort. Nokre gonger vinn du, andre gonger tapar du. Denne konkursen har eg tapt mest på sjølv, seier Pedersen.

— Eg har følgt spelereglane frå a til å. Skatt vest innvilga først momsfritak, men gjekk tilbake på det. Etter kvart blei det for lite utleige og inntening på båten, seier Jan Kåre Pedersen.

Bustyrar Karl Anders Horneland karakteriserer konkursen i DBT Utleie som «ryddig og grei».

— Eigaren har betalt skatt for den private bruken av båten, og har ikkje overført han til seg privat før konkursen. Det er stort sett ikkje meir å gjera i buet, konkursbehandlinga kan avsluttast med det første, seier advokat Karl Anders Horneland.

Skatt vest vil på grunn av teieplikta ikkje kommentera det mislukka momskravet overfor DTB Utleie AS.