Bankfusjon i Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane og Fjaler Sparebank slår seg saman.

Styra i dei to bankane tilrådde i går ei samanslåing av dei to sparebankane. Dei to bankane seier samanslåinga er basert på eit ønske om å styrkje konkurransekrafta i Sogn og Fjordane.

Avtalen går ut på at Sparebanken Sogn og Fjordane overtek alle eigedelane og pliktene i Fjaler Sparebank, fortel bankane i ei melding til børsen.

Dette er ikkje eit tvangsekteskap, det er lystprega frå begge partar.
Leon Bakkebø, regionbanksjef i Bergen for Sparebanken Sogn og Fjordane.

Pengane i lokal stifting
Sparebanken Sogn og Fjordane betalar 128,8 millionar kroner for Fjaler. Av desse vil 106,5 millionar vere i form av eigenkapitalbevis, og 22,4 millionar i kontantar.

Midlane skal plasserast i ei ny stifting, Sparebankstiftinga Fjaler. Stiftinga skal disponere overskot til allmennyttige formål i lokalsamfunnet i Fjaler, som ligg i Sunnfjord.

- Fjaler Sparebank har ikkje hatt behov for å vere stor. Men dei regulatoriske endringane gjer det stadig meir vanskeleg å vere liten, seier Per Ivar Thorsen, som er banksjef for Fjaler i Bergen.

- Lystprega ekteskap
Første gang dei to bankane snakka om samanslåing, var i 1973. Med lovendringa som kom i fjor, som opna for at kapitalen i bankar kunne bli igjen i lokalsamfunna i stiftingar, blei eit stort hinder for samanslåing fjerna.

- Dette er ikkje eit tvangsekteskap, det er lystprega frå begge partar, seier Leon Bakkebø, regionbanksjef i Bergen for Sparebanken Sogn og Fjordane.

Det vil ikkje bli oppseiingar som følgje av samanslåinga, ifølgje bankane. Samanslåinga må bli endeleg godkjent av forstandarskapa i dei to bankane innan 12. mars.

Dei tilsette i Fjaler Sparebank er positive til fusjonen.

- Dette vil gjere banken til ein sterkare utviklingsaktør i regionen og gje oss tilsette tilgang til eit større kompetansemiljø, seier hovudtillitsvald Jarle Nedrebø i ei pressemelding.

Blir stifting
Samanslåinga føreset også godkjenning frå Finanstilsynet. Om alt går etter planen, blir bankane slått saman i september-oktober i år.

Fjaler Sparebank har i dag 21 tilsette, og ein forvaltningskapital på 1,2 milliardar kroner.

Sparebanken Sogn og Fjordane har 304 årsverk, og ein forvaltningskapital på 27,9 milliardar.

Som ein del av transaksjonen vil også Sparebanken Sogn og Fjordane etablere ei sparebankstifting. 1,8 milliardar kroner av eigenkapitalen i banken vil bli overført til stiftinga og omdanna til eigarkapital.

Kva tykkjer du om samanslåinga? Sei meininga di.

Les også

Siste fra Økonomi

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

Er det hans tur nå?

Italia står på kanten av ratingbyråenes søppeldynge. Men tør de dumpe Italia?

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Tviler på greske sparetiltak

Finansministrene i Tyskland og Irland sår tvil om troverdigheten til dagens svært viktige greske avtale som skal sikre beintøffe sparetiltak.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

Skal kutte 150.000 offentlig ansatte

Hellas' statsminister ringte EUs sentralbanksjef med beskjed om at landet er klar med ny kuttpakke.

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,02 5,74
 
SEK
+0,00 0,87
 
EUR
+0,00 7,64
 
GBP
-0,01 9,10
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+1,14% 416,07
 
Dow Jones
-0,14% 12 865,79
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,83 118,03

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger