Du tenkjer neppe over det, men kvar gong du dreg plastkortet ditt må butikken ut med nokre øre som betaling for systemet. Du tenkjer ikkje over det fordi bankane stort sett har fjerna gebyra på kortbetaling.

Men no fryktar Norges Bank at bankane vil droppe sitt eige system, BankAxept, til fordel for internasjonale betalingskort, som Visa og Mastercard. Årsaka er at bankane tener meir på desse korta.

Allereie no betalar handelsnæringa rundt 1,7 milliardar kroner i gebyr for å ta imot betaling med internasjonale betalingskort. Rekninga er det til slutt vanlege forbrukarar som må betale, i form av dyrare varer.

— Kor mykje dei internasjonale betalingskorta tek varierar, men det kan typisk vere om lag to prosent. Så viss ein kunde kjøper noko til 1000 kroner vil det koste butikken 20 kroner i gebyr, medan kostnaden med BankAxept vil vere nokre få øre, seier Knut Sandal, direktør for enhet for finansiell infrastruktur i Norges Bank.

Dei siste åra har nordmenns bruk av internasjonale betalingskort auka, sjølv om åtte av ti kjøp framleis går gjennom BankAxept-systemet. Veksten uroar Norges Bank, fordi BankAxept er langt rimelegare for samfunnet enn konkurrentane.

Anonym kvardagshelt

I butikken Vivekes på Sundt har Monica Tøsdal (20) nettopp stappa bankkortet i terminalen.

— Eg brukar berre kortet. Eg kan ikkje ha kontantar, for då berre hiv eg dei rundt, seier ho.

— Veit du kva kort du betalar med?

— Eit vanleg Visa-kort?

Slik er det truleg med dei fleste av oss. For på framsida av bankkortet står det Visa. Men det er ikkje den delen av kortet ho betalar med. På baksida av kortet står den langt meir anonyme BankAxept-logoen.

Dyrare i Sverige

I Sverige har dei ikkje eit eige, nasjonalt kortsystem. Der går alt via dei internasjonale gigantane, hovudsakleg Visa og Mastercard. Kvar gong du betalar i ein butikk eller tek ut pengar i ein minibank, dryp det litt inn til kortselskapa.

På vanlege debetkort, der pengane blir trekt frå bankkontoen din, kostar det typisk mellom ei og tre kroner pr. transaksjon. Det fortel betalingsansvarleg Bengt Nilervall i interesseorganisasjonen til den svenske butikknæringa, Svensk Handel.

— Det er ei utfordring for oss, for det kostar ganske mykje å ta seg betalt, ikkje minst for småbeløp, seier han.

Systemet har skapt eit skilje mellom dei store kjedene og småbutikkar. Daglegvaregiganten ICA betalar rundt 50 øre pr. transaksjon, medan småbutikkar må ut med opptil tre kroner.

— Difor er det mange små butikkar som har sett opp skilt om at kjøp under 50 kroner får du ikkje betale med kort, seier han.

Tener meir på Visa

Men bortsett frå skilta merkar kundane ingenting til systemet.

— Dei har lite greie på kva det kostar, seier Nilervall.

— Har de diskutert å få eit eige svensk betalingskort, slik vi har i Norge?

— Det har sikkert vore oppe, men bankane tener bra med pengar på korta. Det er utruleg lukrativt. Og har du ikkje bankane med deg, så får du ikkje gjennomført det, seier han.

Det er altså ikkje berre dei internasjonale kortselskapa som tener pengar når pengane går via dei. Bankane som gjev kundane sine Visa eller Mastercard-kort får òg sin del. Langt meir enn dei får når betalinga går gjennom BankAxept-systemet. Det er årsaka til at Norges Bank i årsmeldinga om betalingssystem for 2011 luftar frykta for utviklinga:

"Bankane viser derfor ei aukande interesse for å fremje internasjonale betalingskort, der potensialet deira for inntekter er større. Det kan ha ein negativ effekt på viljen bankane har til å utvikle BankAxept framover."

Teknologisk bakevje

I landets største bank er dei knappe i kommentaren av «uromeldinga? frå Norges Bank:

— Vi har ingen planar om endring i dette området i nær framtid. Men heile betalingsformidlingsområdet er under stor utvikling, så det er gjenstand for løpande vurdering, seier informasjonssjef Aud-Helen Rasmussen i DNB.

I denne utviklinga av nye betalingsformer fryktar Norges Bank at banknæringa vil la sitt eige BankAxept-system bli liggjande teknologisk etter. Når det gjeld internettbetaling er allereie kortselskapa dominerande.

I butikkane kan òg framtida bli utan BankAxept: Til dømes prøver DNB no ut eit system for trådlaus betaling via mobiltelefonen, i samarbeid med Telenor.

Klar for meir

I Visa har dei allereie ein teknologi for trådlaus betaling.

— Det er i stor grad i bruk i andre land enn Norge. Her er det framleis i forsøksstadiet, seier Wilhelm Wisbech, Norgessjef i Visa Europe.

Til Norges Banks "uromelding" har han følgjande kommentar:

— Det er klart vi ønskjer å bli prioritert av bankane. Men ut over det legg vi oss sjølvsagt ikkje opp i BankAxept.

Hva mener du om bankenes kortpolitikk?

fu3d6556 (2).jpg
ØRJAN DEISZ