• INGEN ERSTATNING: BNR og Trygve Tønnessen er fortørna over at dei ikkje vart teke med når fylkeskommunen har gjeve konkurrentane erstatning.

    FOTO: EIRIK BREKKE

BNR føler seg snytt for erstatning

- Vi er veldig skuffa og overraska. Vi ante ikkje at tre av konkurrentane våre var tilkjent erstatning før vi las om det i Bergens Tidende, seier BNR-direktør Trygve Tønnessen.

Saka dreier seg om ein famøs anbodsrunde på hurtgbåtrutene mellom Bergen og Sogn i 2007. I utgangspunktet gjekk Tide Sjø sigrande ut av konkurransen.

Men ein av dei andre tilbydarane, Bergen-Nordhordland Rutelag (BNR) meinte det var gjort alvorlege, formelle feil i anbodsgrunnlaget frå Sogn og Fjordane fylkeskommune si side. Og i mars 2008 avlyste fylkespolitikarane like godt heile konkurransen. I ettertid har Sogn og Fjordane fylkeskommune dekka anbodskostnadene for tre av tilbydarane – såkalla negativ kontraktsinteresse.

- BNR på hælane

Tidlegare denne månaden sette BNR fram krav overfor Sogn og Fjordane fylkeskommune om at også dei må få erstatning for negativ kontraktsinteresse, men utan å få gehør. Fylkeskommunen meiner kravet er forelda, og viser til at konkurransen vart avlyst 11. mars 2008. I følgje fylkesrådmann Tore Eriksen er foreldingstida på tre år i slike saker.

- Her meiner vi at BNR er heilt på hælane, seier Eriksen, som i brev til BNR slår fast at kravet er forelda. – Dei andre reiarlaga reiste sine krav innan fristen, men det er nok i seinaste laget for BNR å komme med dette no.

Høyrde ingenting

BNR og Trygve Tønnessen er likevel fortørna over at dei ikkje vart teke med når fylkeskommunen har gjeve konkurrentane erstatning.

- Vi var heilt ukjende med at dei andre tok opp denne kampen. Tidleg i prosessen bad vi fylket om å halde oss oppdatert på nettopp dette, men utan å høyre noko som helst om desse prosessane, seier Tønnessen, som ikkje legg skjul på at det er ekstra irriterande for BNR å oppleve bli haldne utanfor i denne spesielle saka.

- Det var jo nettopp vi i BNR som påpeikte feilen i anbodsgrunnlaget, og som gjorde at denne prosessen vart stansa av politikarane.

Styresak

Den administrerande direktøren i BNR meiner at saka ikkje er forelda, i og med at dei ikkje kjente til erstatningane før dei las det i avisa for nokre veker sidan.

- Vi kjem i alle fal til å sjekke grundig kva som er juridisk rett i denne saka. Eg kjem antakeleg også til å ta dette opp til drøfting på eit styremøte i vårt selskap denne veka, seier Trygve Tønnessen.

Etter det Bergens Tidende forstår, er erstatningskravet frå BNR på omkring ein halv million kroner.

Les også

Siste fra Økonomi

o Flere enn hver tredje lastebil er utenlandsk

Norsk Lastebileier-Forbund (NLF) gjennomførte en landsomfattende trafikktelling i ett døgn fra tirsdag 18. til onsdag 19. juni. Resultatet viste at 36 prosent, eller 8441 av 23.667 registrerte vogntog og semitrailere var utenlandske.

o Irland på vei ut av sparemodus

Irland ligger godt an til å bli ferdig med sitt strenge spareprogram allerede i år, ifølge Det internasjonale pengefondet (IMF).

o Sveits sier nei til skatteavtale med USA

Sveitsiske folkevalgte har sagt nei til et lovforslag som skulle beskytte landets banker mot å bli rettsforfulgt i USA.

Disse skulker legen mest

82.000 legetimer avbestilt i Helse Vest i fjor.

Overtar som sjef i Vennebyen

Harold Sletten går fra jobben som markedsdirektør i BT til å bli sjef for TV-suksessen Vennebyen.

Mest lest på økonomisiden

Rekrutteringsselskaper

Valutaer, indekser og råvarer

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 5,72
 
SEK
+0,01 0,90
 
EUR
-0,01 7,67
 
GBP
+0,00 8,97
Indekser +/- % Siste
 
Oslo Børs
-0,81% 477,23
 
Dow Jones
-0,06% 15 305,87
Råvarer +/- Siste
Nordsjøolje +0,19 106,21

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker