— Vi har fått kritikk frå Petroleumstilsynet om at vi ikkje lærer av våre feil, at vi ikkje lærer av våre hendingar. Eg meiner at vi som organisasjon har tatt mykje lærdom av dei erfaringar vi har hatt. Vi har endra våre rutiner, vi har endra våre haldingar og oppfatning til mange spørsmål som vedkjem tryggleiken ved vår verksemd, og det har også gitt oss betre resultat over tid. Vi har færre alvorleg hendingar i dag enn vi hadde for ti år sidan. Vi har sett ei jamn forbetring, så vårt arbeid gir resultat, seier Michelsen.

Michelsen er konserndirektør i Statoil, med ansvar for undersøkjing og produksjon i Noreg. I dag held han foredrag på Statoil sitt årlege energiseminar i Grieghallen i Bergen, med tryggleiken på sokkelen som tema.

Petroleumstilsynet er kritisk til Statoil si evne til å lære av feil etter ei rekkje hendingar på norsk sokkel med Statoil i hovudrolla (sjå tidsline) frå 2005 og fram tili dag. Det kjem fram i eit brev tilsynet sende Michelsen i slutten av mars. Etter granskinga av gasslekkasjen på Gullfaks B i desember ifjor skriv tilsynet brevet at det er er fellestrekk med tidlegare hendingar og at tilsynet er: “bekymret for en tilsynelatende mangelfull effekt av forbedringsprosesser i deler av Statoils virksomhet.”

Dårleg styring

Gasslekkasjen på Gullfaks B skuldast mellom anna dårleg planlegging, kontroll og gjennomføring av vedlikehaldsarbeidet på ein ventil i følgje tilsynet.

Tilsynet krev at Michelsen innan 29. april må svare på fem spørsmål:

Korleis Statoil vurderer manglane som er avdekt gjennom tilsynet si gransking.

Kva justeringar som eventuelt må til i arbeidet med å betre tryggleiken.

Korleis Statoil vurdrerer planlegginga og gjennomføringa av tryggleiks-kritiske arbeidsoperasjonar på Gullfaks-feltet.

Om selskapet meiner alle årsaker til hendingane er avdekka.

Kva Statoil konkret vil gjere for å sikre seg at tiltak for å bedtre tryggleiken fpr verknad på ei dei ulike plattformane og andre installasjonar.

Ikkje nøgd

— Til tross for at vi ser at vi leverer, så ser vi og at vi har alvorlege hendingar, og fjoråret er eit eksempel på det. Vi er ikkje fornøgd med tilstanden som vi ser det i dag, seier Michelsen.

Rett etter at Michelsen fekk brevet frå Petroleumstilsynet samla han sin direktørar og folk frå fagforeininga til idedugnad.

— Det som kom fram der var innspel til problemstillinga som burde adresserast det, og innspel til korleis vi kunne komme oss vidare, seier han. Han vil ikkje utdjupe kva som kom fram på møtet før brevet til tilsynet er sendt.

— Men det er klart at vi er opptatt av det som Petroleumstilsynet er opptatt av, korleis klarer vi å lære av erfaringane våre, korleis klare vi å måle og verifisere at dei tiltaka vi set i verk har ein effekt på tryggleiksarbeidet.

Michelsen seier at trening på arbeidsoperasjoner er noko av det som har best verknad for å hindre uhell.

Frå fagforeiningane har det vore reist kritikk mot Statoils planar om å innføre ei rotasjonsordninng på plattformane, mellom anna fordi fagforeingingane meiner dei tilsette ved å rotere ikkje får nok tid til å byggje opp erfaring om den plattformen dei jobbar på. Den usemja er ikkje løyst, og Statoil og fagforeininga er i gang med ein gjennomgang av modellen.

— Vi har ønske ien fleksibilite, ein rotasjom mellom plattformna for på den måten å sikre læring. Den beste erfaringsorvføring får du ved ein person som tek med seg si erfaring over på ei anna innretning og påverkar den organisasjonene. Samtidi må vi måle dette mot komptanse og kunnskap. Ein god del posisjonar hos oss krev lang tid for å bli god i. Dei posisjonane kjem vi ikkje til å flytte veldig ofte, seier Michelsen