Bodet kjem etter at Austevoll Seafood i dag tidleg kjøpte 1,72 millionar aksjar i børsnoterte Norway Pelagic. Dermed passerte eigarskapet 50 prosent, som utløyser plikt på å by på resten av aksjane. Etter kjøpet eigde det børsnoterte fiskeri— og fiskeindustriselskapet Austevoll Seafood 52,63 prosent av Norway Pelagic. I løpet av ettermiddagen har Austevoll kjøpt fleire aksjar, og eig no 58,05 prosent i Norway Pelagic.

Tilbodet til resten av aksjonærane er 15,50 kroner pr. aksje, som verdset heile Norway Pelagic til 285 millionar kroner, fem millionar kroner meir enn børsverdien i går.

Norway Pelagic oppsto som ei samanslåing av ei rekkje bedrifter som tek mot sild- og makrell, mellom dei Bergen Fiskeindustri. Selskapet vart børsnotert i 2008. Då var kursen 41 kroner pr. aksje. På topp, i 2010 nådde kursen 56 kroner, men sidan har det stort sett gått nedover. Målet var å skape eit dominerande selskapet i bransjen, kutte i talet på anlegg og dermed auke lønsemda.

Austevoll Seafood er også største aksjonær i oppdrettsselskapet Lerøy Seafood Group. Møgsterfamilien, med Helge Møgster og sonen Arne i spissen, eig 55 prosent av selskapet.