Fiskeri— og fiskeindustriselskapet i Austevoll kjøper enda fleire aksjar i silde- og makrellindustriselskapet Norway Pelagic. Etter å ha kjøpt 2,2 millionar aksjar i dag eig Austevoll Seafood no over 70 prosent av Norway Pelagic. Til saman har Austevoll Seafood kjøpt Norway Pelagic-aksjar for 76 millionar kroner i løpet av to dagar.

I går passerte Austevoll Seafood 50-prosentsgrensa i Norway Pelagic, og måtte dermed by på heile selskapet.

Tilbodet til resten av aksjonærane er 15,50 kroner pr. aksje, som verdset heile Norway Pelagic til 285 millionar kroner.

Norway Pelagic oppsto som ei samanslåing av ei rekkje bedrifter som tek mot sild— og makrell, mellom dei Bergen Fiskeindustri. Selskapet vart børsnotert i 2008. Då var kursen 41 kroner pr. aksje. På topp, i 2010 nådde kursen 56 kroner, men sidan har det stort sett gått nedover. Målet var å skape eit dominerande selskapet i bransjen, kutte i talet på anlegg og dermed auke lønsemda.

Austevoll Seafood er også største aksjonær i oppdrettsselskapet Lerøy Seafood Group. Møgsterfamilien, med Helge Møgster og sonen Arne i spissen, eig 55 prosent av Austevoll Seafood.

Austevoll Seafood sin framgangsmåte i Norway Pelagic liknar på den selskapet brukte etter at det blei medeigar i oppdrettsselskapet Lerøy Seafood i 2007. Etter eit kraftig kursfall i 2008 kjøpte Austevoll Seafood Group i 2008 seg opp til å bli dominerande eigar, og eig i dag 62 prosent av aksjane. Dåverande konsernsjef og storaksjonær, Ole-Eirik Lerøy, selde seg heilt ut og slutta etter å ha tapt maktkampen.