Børsnotering er delvis grunna i eit ønske om å auke eigenkapitalen for å kunne vekse til eit større selskap.

Selskapet med hovudkontor i Stavanger lovar vekst alt i år, mellom anna i Bergen.

Målet er å nå 100 tilsette i Bergen i løpet av året, ifølgje administrerande direktør Per Bjørn Habbestad. Det betyr 50 nye jobbar, likleg fordelt mellom ingeniørverksemda på Kokstad og dotterselskapet Apply TB i Bergen sentrum.

På Stord, der Apply-konsernet har til saman 425 tilsette, er det førebels ikkje planen om å auke talet på tilsette. Men det kan endre seg dersom selskapet vinn nye kontraktar om å byggje bustadkvarter for oljeplattformer Bygging av bustadkvarter utgjer kring ein tredjepart av driftsinntektene i selskapt og forgår på Stord (aluminiumsbygg) og i Sverige (stålbygg).

Apply har cirka 2000 tilsette og hadde driftsinntekter på 2,6 milliardar kroner i fjor. Dei største eigarane er stavangerselskapa Køhlergruppen og HitecVision.