Den tidlegare Ap-statsråden og oljedirektøren Gunnar Berge har leia eit utval i Arbeidarpartiet som har sett på korleis ringverknadene frå oljeutvinninga både kan bli større og meir spreidd ut over heile landet. I går overleverte han rapporten til Arbeidarpartiets programutval.

Eitt punkt Berge-utvalet gjer framlegg om er å stimulere til oppbygging av ein industri som tek i bruk gassen på land.

Forundra

— Når dei kan få verdiskaping av dette på kontinentet er vi litt forundra over at ein ikkje skal få det til i Noreg, seier han.

Berge viser mellom anna til at det kan vere råd å gjere seg nytte av gassen, mellom anna i samband med gruvedrift. Men han understrekar samstundes at norsk gassindustri må kunne klare seg utan subsidiar, og at manglande lønsemd er ein av grunnane til at gassindustrien i Noreg er liten.

Framlegget frå Berge-utvalet gir delvis støtte til Norsk Gassforum, som i sommar kom med krav til olje og energiminister Ola Borten Moe og næringsminister Trond Giske om at regjeringa må leggje fram eit eiga stortingsmelding om kva som må til for å byggje opp ein norsk gassindustri.

- Ikkje veldig enkelt

Forumet arbeider for å utvikle ein norsk gassindustri og auka gassbruk innanlands og har 12 fylkeskommunar i ryggen. Olje- og energidepartementet svar var at det ikkje vert arbeidd med gassmeldinga i dag, og viste til Petroleumsmeldinga som kom i fjor.

Den skriv mykje om gass, men er lite konkret om kva som skal til, ifølgje Berge.

— Det viser at det ikkje er veldig enkelt, seier han.

TIDLEGARE FINANSMINISTER GUNNAR BERGE : Eitt punkt Berge-utvalet gjer framlegg om er å stimulere til oppbygging av ein industri som tek i bruk gassen på land.
MARTIN EILERTSEN