Oljeserviceselskapet AGR Group sel datterselskapet AGR Field Operations for 1,4 milliardar kroner. Kjøpar er det amerikanske selskapet Oceaneering Inc, som har spesialisert seg på undervassoperasjonar for oljeindustrien.

AGR Field Operations driv mellom anna inspeksjons— og vedlikehaldsarbeid på oljeinstallasjonar, både over og under vatn. AGR Group har hovudkontor i Oslo, men tyngdepunktet i verksemda ligg på Sotra.

Selskapet varsla i slutten av august om det vurderte sal av AGR Field Operations, og ei børsmelding i dag stadfestar ein avtale om sal. Ein endeleg avtale skal etter planen vere klar i midten av desember.

Les også: