Golden Air og Coast Air sine ruter mellom Stord og Oslo lufhavn Gardermoen landa på 29.655 passasjerar i 2003, knapt 3800 fleire enn året før. Den kommunalt og fylkeskommunalt eigde flystripa i Sørstokken byggjer seg sakte opp att mot gamle trafikkrekordar. Toppåret var 1998 med 52.000 passasjerar.

Ei charterrute for Aker Stord til Alta i Finnmark er aktuell frå slutten av mars i år. Då startar verftet samanstillinga av prosessanlegget for Snøhvit-gassen på Melkøya ved Hammerfest.

Aker Stord skal om lag ein gong i veka ha av garde eit fly med 90 — 100 sete for å transportera langpendlarar frå og til Sør-Noreg.

Flyturen til Alta tek over to timar. Mellom Alta og Hammerfest skjer transporten med snøggbåtar som brukar halvannan time.

Det er slett ikkje sikkert at Stord lufthamn blir utgangspunkt for Snøhvit-charteren. Fire flyselskap har gitt tilbod på oppdraget, og flyplassvalet står mellom Stord, Sola og Torp, melder Aker Stord-bladet Systemposten. Kontrakten blir avgjort med det første.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust på Stord har sett seg eit passasjermål på 35.000 for 2004. Den desidert største operatøren på lufthamna, Golden Air set frå 14.januar inn ei ekstrarute tur-retur Stord - Oslo kvar onsdag.

Dermed får Stord lufthamn 17 flygingar Stord - Oslo kvar veke. Coast Air kom inn som Golden Airs konkurrent 1.april i fjor, men trappa alt frå juli ned aktiviteten til ein rotasjon Oslo - Stord - Oslo kvar fredag og sundag.

HSD har no flybusstilbod til alle avgangar og landingar for Oslo-rutene på Stord lufthamn Sørstokken.