— Eg kan stadfeste at dei kom på besøk hjå oss i dag, og det var ingenting negativt å melda, seier Tom Jørgensen i Privatmegleren til bt.no.

Delegasjonen sin aksjonsrunde i Bergen var ikkje varsla på førehand, men Jørgensen fortel at ryktene byrja å svirra i byrjinga av veka.

— Eg fekk høyra at dei var i nærleiken, men visste ikkje når eller om dei skulle koma. Men dei varsla med brev at dei kunne koma til å utføra eit slikt tilsyn, seier Jørgensen.

Må vera godkjente

— Føremålet med tilsynsrunden er å kontrollera at verksemdene opprettheld kompetansekravet for eigedomsmekling som trådde i kraft i sommar, seier Anne-Kari Tuv, fungerande seksjonssjef for eigedomsmekling og inkasso i Kredittilsynet.

Kort fortalt inneber kravet at det for alle meklingsoppdrag - òg dei som er inngått før 1.juli 2011 - skal utpekast ein ansvarleg meklar. Minstekravet er at meklaren anten er utdanna og godkjent som eigedomsmeklar, jurist, meklar eller advokat med meklarløyve.

Innom ti kontor

I løpet av veka har Finanstilsynet i alt besøkt ti ulike meklarkontor i Bergen.

Etter det bt.no veit, har dei mellom anna besøkt filialar som tilhøyrer Aktiv Eiendom, EiendomsmeglerVest, Fana Sparebank Eiendom, Privatmegleren, EiendomsMegler 1 Bergen og Postbanken Eiendom Bergen.

Desse kontora oppgjev at den foreløpige konklusjonen er at ingen merknadar er registrerte, men Finanstilsynet ynskjer ikkje å stadfesta resultatene.

— På dette tidspunktet har me ikkje fullstendig oversikt og kan difor ikkje sei noko om tendensane i Bergensområdet, seier Tuv.

— Kva vil eit brot medføra?

— Det kjem heilt an på graden av brotet. Men der kompetansekravet eventuelt ikkje er oppfylt, vil verksemdene etter ei konkret vurdering motta pålegg om å oppfylla det.

Tuv opplyser at tilsynsrundane er over og at resultatene tidlegast vil vera klare om tre til fire veker.