Kontakten oljeselskapet Eni og samarbeidspartnar Statoil har gitt til Hyundai Heavy Industrien er på cirka 6,9 milliardar kroner.

Det koreanske selskapet skal byggje ei flytande produksjonseining og bustadanlegg til Goliatfeltet utanfor Finnmarkskysten.

Aker Solutions ville ha om lag tre milliardar kroner meir for den same jobben i følgje konserntillitsvald Atle Teigland.

Naive nordmenn

Teigland meiner prisskilnaden er så stor at det viser at konkurransen ikkje er rettvis.

— Dette er så svært at det ikkje let seg forklare anna ved at det har gått føre seg ting i kulissene som ikkje toler dagens lys, seier han.

Han skuldar norske styresmakter for å vere naive.

— Vi har jobba iherdig for å formidle bodskapen om at på dette området her er det ikkje reell konkurranse. Vi ventar no at norske styresmakter forlanger innsyn, seier han.

Ein av tre Goliatutbygginga er ein av tre store prosjekt den norske oljebransjen vona skulle fylle ordrebøkene og sikre arbeidsplassane i år.

— Vi er skuffa, seier Aker Solutions, eigaren av Aker Stord, i ei pressemelding.

Oppdraget ville sikra 7000 årsverk, og gitt oppdrag til ingeniørar i Oslo, arbeidarar på Stord og i Egersund i tillegg til at Aker Solutions sin samarbeidspartnar Samsung Heavy Industries ville fått jobben med å byggje understell og bustadanlegget.

Taus om prisskilnad Kommunikasjonsdirektør Jannik Lindbæk i Aker Solutions vil ikkje stadfeste eller kommentar prisskilnaden mellom Hyundai Heavy Industries og Aker Solutions og samarbeidspartnaren Samsung Heavy Industries.

— Det har eg ingen kommentar til, seier Lindbæk.

Han kan heller ikkje svar på om den tapte kontrakt får konsekvensen for sysselsetjinga.

— Det er for tidleg å seie noko om, seier han.

I aksjemarknaden er den tapte kontakten dårleg motteken.

Kursen på Aker Solutions har i skrivande stund falle med over åtte prosent.