6800 hordalendingar står utan arbeid, viser nye tal frå Nav. Det vil seie 2,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket.

Verst for dei unge

– Det er vel 2800 fleire arbeidsledige no enn på same tidspunkt i fjor, og vi ventar ei ytterlegare auke i arbeidsløysa utover hausten, seier avdelingsdirektør ved NAV Hordaland Kenneth Stien.

Det er dei unge som får merke den dårlege marknaden hardast på kroppen. Hos dei i aldersgruppa 20–29 år er arbeidsløysa på 4,1 prosent.

Dette ser ikkje ut til å betre seg med det fyrste.

– Vi ventar eit nytt hopp i arbeidsløysa i august, då mange sommarjobbkontraktar går ut, og studentane som er ferdig utdanna og ferdig med ferien strøymer inn i arbeidsmarknaden, seier Stien.

Lyspunkt

– Situasjonen er sjølvsagt alvorleg for dei som sit utan arbeid, men lyspunktet er at det framleis er høg etterspurnad etter arbeidskraft på Vestlandet. Sjølv om ein ikkje får jobb i akkurat same bransje eller område som før, er det mogleg å finne seg nytt arbeid, seier Stien.

Nav tilbyr arbeidssøkjarar jobbsøkarkurs, og fokuserar på kompetanseheving.

– Dei ufaglærte er dei som slit mest. Det er viktig å få dokumentasjon på eigen kompetanse, og dette kan vi hjelpe med, seier Stien.

Topp neste år

Arbeidsløysa på landsbasis ligg på tre prosent.

– Veksttakten i arbeidsløysa er faktisk lågare enn prognosane la til grunn tidlegare i år. Samstundes vil det bli fleire utan arbeid. Perspektivprognosane viser at arbeidsløysetoppen vil kome ein gang neste år med 100–120 000 arbeidslause i landet.

Dette er likevel ikkje veldig høge tal, historisk sett.

– Mellom 2003 og 2006 hadde vi godt over 100 000 arbeidslause i Noreg, seier Stien.

Sist vi hadde ei arbeidslause på dagens nivå, var våren 2006.

Samstundes har talet på langtidsarbeidslause, blitt lågare. 22 prosent av dei arbeidslause i dag, har vore utan arbeid i seks månader eller meir, på same tid i fjor, gjaldt dette 23,5 prosent .

SER LYSPUNKTA: Avdelingsdirektør ved NAV Hordaland Kenneth Stien.
Media Norge