Finanskrisa i fjor kom på toppen av fallande torskeprisar og skapte dobbelt trøbbel for torskeoppdrettarane. Pengestraumen som finansierte vekst tørka inn, og lønsemda stupte.

For Norsk Marin Fisk, med hovudkontor i Davik i Nordfjord, enda 2008 med eit underskot før skatt på 55 millionar kroner, eit stengt setjefiskanlegg og betalingsstans for yngelanlegget.

Selskapet er ifølgje årsmeldinga avhengig av ny kapital, betre marknadstilhøve eller ny verksemd på selskapets lokalitetar for å kunne eksistere vidare.

Prishopp Dagleg leiar og storaksjonær Stig Bakke set sin lit til stigande torskeprisar.

Han seier prisen på oppdrettstorsk har stige med åtte kroner pr. kilo i løpet av tre veker. Den ligg på no på 32–33 kroner pr. kilo for 2–3 kilos torsk (slakta fisk, red. merk). Bakke seier selskapet tener pengar med ein pris på rundt 35 kroner pr. kilo.

Om eigarane må skyte inn meir eigenkapital seier Bakke:

– Det spørst på kva prisane ligg på utover hausten.

Over til laks I Bremanger ligg produksjonsanlegga til to av Norsk Marin Fisk sine dotterselskap, setjefiskprodusenten Bremar (som forar fram yngel til fisken er klar ti å setjast ut i sjøen) og yngelprodusenten Bremar Yngel.

Krisa i torskeoppdrettsnæringa har gjort at få eller ingen vil sette ut ny fisk.

Selskap som ikkje får seld varene, er lite verdt og Norsk Marin Fisk skriv ned verdien av Bremar og Bremar Yngel med til saman 31 millionar kroner.

Bakke seier selskapet arbeider med å få inn ein partnar og leggje om drifta i setjefiskanlegget frå torsk til laks. Ei løysing skal vere klar i løpet av hausten, seier han.

I dotterselskapet Bremar Yngel har selskapet fått ein avtale med kreditorane om betalingsstans fram til utgangen av oktober. Alle tilsette er permittert eller sagt opp.

Svake utsikter – På kort sikt er utsikta for bransjen svak, seier medeigar og styremedlem Johan Fredrik Odfjell.

Han er aksjonær i Norsk Marin Fisk gjennom det familieeigde investeringsselskapet Space.

Space eig kring en femtepart av aksjane i oppdrettsselskapet.

Odfjell vil ikkje kommentar korleis han stiller seg til ei eventuell kapitalutviding i Norsk Marin Fisk.

– Det får vi sjå på når den tid kjem. Torskeoppdrett er ein interessant bransje på sikt, som kan bli ei viktig næring for Noreg, seier han.

Troda Invest, med dagleg leiar Stig Bakke som største eigar, eig i underkant av ein tredjepart av aksjane i Norsk Marin Fisk.

Torsken for dyr – Eg trur ei mengde anlegg blir nedlagt. Dei fleste må skalere ned produksjonen for å overleve, seier seniorrådgjevar Leiv Grønnevet i konsulentverksemda Sintef MTB.

Torskeoppdrettarane må konkurrer med billeg villfisk. Grønnevet, som mellom anna har vore leiar for fiskeriseksjonen i Nordea, meiner dei høge produksjonskostnadene er det grunnleggjande problemet for torskeoppdrett.

Utsikter til gode fangstar i Barentshavet, og teikn til at torskestammen ved Newfoundland er på veg attende, gjer det ikkje lettare for oppdrettarane.

Det kostar ifølgje Grønnevet over 20 kroner pr. kilo å få fram ein levande fisk klar til slakting. Det er altfor dyrt.

– Skal du få dette til å gå, må du produsere til 15 kroner pr. kilo for at dette skal bli levedyktig på sikt, seier han.

STIGANDE PRISAR: Kiloprisen på oppdrettstorsk har stige med åtte kroner dei siste tre vekene, men enno må den opp 2–3 kroner før Norsk Marin Fisk tener pengar.
Ogne Øyehaug (arkivfoto)
I TORSKE-TRØBBEL: Johan Fredrik Odfjell er medeigar i Norsk Marin Fisk.
Helge Skodvin (arkivfoto)