Den gamle kraftstasjonen i Hattebergsdalen, også kalla Muradalen, bak Baroniet Rosendal har skapt hovudbry for fleire kommunestyre, fylkesting, regjeringar, rettsinstansar, og ikkje minst Fylkesmannen i Hordaland som måtte ut med 20 millionar kroner i erstatning til Kvinnherad Energi for å ha stansa anleggsarbeidet ulovleg i 2007.

Måtte gi tapt

Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget og naturverninteresser har kjempa iherdig mot at det skulle tillatast ein auka kraftproduksjon i det verna området, men måtte til sist gi tapt.

Fredag kunne Kvinnherad Energi markera offisiell opning av ein ny kraftstasjon til 48 millionar kroner som har tre gonger så stor produksjon som den gamle, i eit nybygg som også inneheld eit nytt vassbehandlingsanlegg til 50 millionar kroner som forsyner Rosendal og nabobygdene.

Namnet tilbake

— Som ei markering av at ein evnar å leggja usemje og strid bak seg, er det ei symbolsk handling at vi gir kraftverket tilbake det offisielle og korrekte namnet frå Hattebergsdalen, sa elverksjef Hans Martin Hjelmeland ved opninga, framfor rundt 200 gjester. Til hornmusikk frå Rosendal Musikklag kunne ordførar Synnøve Solbakken klippa over silkesnora saman med vassverkets forkjempar Lambrecht Haugen og tidlegare elverksjef Terje Enes, som har stått femst i striden for kraftverkopprustinga i Hattebergsdalen.

Årets anlegg

Hattebergsdalen vassbehandlingsanlegg og kraftstasjon har vore i drift ein kort periode, og har alt blitt kåra til årets VA-anlegg (vatn og avløp) på Vestlandet grunna samdrifta med kraftproduksjonen og det at bygget er tilpassa naturen og den lokale byggeskikken.

Det som står att å gjera, er fjerning av dei gamle kraftlinene med stolpar i dalen, fortel Hans Martin Hjelmeland. Alle kablar er lagt i grøft langs vegen saman med vassleidningen.

Opp- og nedtur i 90 år

Hattebergsdalen eller Muradalen kraftverk har ei dramatisk forhistorie. Blant anna gjekk Kvinnherad Sparebank i realiteten konkurs då banken garanterte for kostnaden med den første kraftstasjonen, som blei opna i 1920. Årsaka var kostnadssprekk og tekniske vanskar som øydela økonomien i prosjektet i dei dårlege tidene som kom.

I 1940 havarerte kraftstasjonen i ein storflaum som ramma omådet. Den som fekk bygt opp att anlegget var livbåtfabrikant Gerhard Skaala, grunnleggjaren av Harding, i dag Umoe Schat Harding. Det var i 1954. I 1986 kjøpte Kvinnherad kommune kraftverket og overførte det saman med fallrettane i 1995 til kommunen sitt kraftselskap Kvinnherad Energi for 8,5 millionar kroner.

Med den nye kraftstasjonen er produksjonen auka frå 8 GWh til 24 GWh, nok til å forsyna 1200 husstandar med straum.

GAMMALT: Muradalen kraftstasjon med sin dramatiske forhistorie er erstatta av eit nybygg til 98 millionar kroner.
KVINNHERAD ENERGI
KLIPPA: Pådrivarane for vassbehandlingsanlegget og kraftstasjonen i Hattebergsdalen, pensjonistane Terje Enes (til v.) og Lambrecht Haugen fekk klippa snora saman med Kvinnherad-ordførar Synnøve Solbakken.