Dei tilsette vart orientert om nedlegginga på eit allmøte i dag.

— Det er klart at folk er forferdeleg frustrerte, nokon tok til tårene. Det var eit skikkeleg kjenslemessig møte, seier hovudtillitsvald Terje Solvang i karosseriprodusenten Vest Buss Industri. Vest Buss Industri eit dotterselskapet i Vest Buss Gruppen.

Solvang trur det blir vanskeleg å finne nytt arbeid. Det er få ledige stillingar for faglærte i industrien i Stryn no.

— Vi må vere realistiske. Det vi ta lang tid før alle er i arbeid igjen, seier han.

Mangla 7–8 millionar

Solvang hadde vona drifta ved Vest Buss Industri kunne halde fram i ei sjølvstendig bedrift.

— Det har vore ei gruppe som har sett på sjansen for å kjøpe ut karrosseriverksemda frå konsernet, seier han.

Ifølgje Solvang var det investorar på Vestlandet som var aktuelle, men det mangla sju - åtte millionar på at det vart ein avtale.

Han meiner Vest Buss Gruppen har satsa for lite på karosserifabrikken.

— Vi meiner karosserifabrikken har vore nedprioritert i ei årrekkje, seier han.

Bussar sidan 1965

I januar neste år rullar den siste bussen ut av fabrikken og rundt 100 tilsette mister arbeidet.

Styret vedtok i går å avvikle bussproduksjonen, og selskapet har berre tilbod om arbeid til mellom 10 og 15 av dei 111 bussbyggjaren i andre deler av verksemda i Stryn.

Det er levert bussar frå Stryn sidan 1965, men no er det slutt. Fabrikken har importert chassis (understell og motor) og sjølv bygd karosseria.

Men sjølvstendig karosserifabrikkar er under press fordi chassisfabrikkane i aukande grad har gått over til å byggje heile bussar.

Ny buss for sein

Vest Buss Gruppen har arbeidd med å utvikle ein lettvektsbuss i karbonfiber i samarbeid med Brødrene Aa i Hyen, som byggjer hurtigbåtar i dette materialet. Målet er å kunne bli ein sjølvstendig bussprodusent med ein buss som kan kutte drivstoffkostnadene med over 30 prosent.

— Håpet vårt var at vi skulle greie å produsere lenge nok på dagens måte til at vi skulle greie å kome opp med det prosjektet, seier administrerande direktør Per Dag Nedreberg i Vest Buss Gruppen.

Men konkurransen frå chassisfabrikkane sin eigen karosseriproduksjon har blitt for stor for rask til at det gjekk.

Utviklinga av lettvektsbussen er ikkje skrinlagt, men ein produksjon er først realistisk i 2015 ifølgje Nedreberg.

Driv verkstadene vidare

Karosseribygginga er det som har gitt flest arbeidsplassar, over halvparten av arbeidsstokken i Vest Buss Gruppen.

Men i høve til driftsinntekta på cirka 400 millionar kroner i år utgjer karosseribygging berre kring ein fjerdepart.

Resten av verksemda, verkstadene i Stryn, Arna, Lillestrøm og Sverige skal halde fram som før. Det skal også salet av bussar for Fiat-selskapet Iveco.

OVER OG UT: Det bli slutt på bussproduksjonen i disse lokalene i Stryn. ARKIVFOTO: Tor Høvik