-
VIL TREDOBLE BUSTADBYGGJING: Byråd Filip Rygg med femtrinnsplan.FOTO: Odd Nerbø
- Svakare prisvekst som fylgje av tredobling
Byråd Filip Rygg (KrF) vil tredoble bustadbygginga i Bergen. Det kan bremse prisveksten, trur meklarbransjen.
AV: hans k. mjelva
I BT i dag lanserer Rygg ein eigen fem punkts plan for å få opp bustadproduksjonen i Bergen (sjå fakta).
Ein slik vekst i bustadbygginga vil kunne dempe den kraftige prisveksten, viser ein ringjerunde til byens meklarar.
- For å kome tilflyttinga til Bergen i møte må det byggjast fleire bustader. Då vil ein få ei lågare prisutvikling, som òg vil vere meir berekraftig enn det vi har sett i det siste, seier adm. direktør Rune Hansen i Eiendomsmegler Vest.
Byggjast 1000 for lite
Sidan 2005 har talet på husstandar i Bergen auka med 2.223 i året, medan talet på ferdigstilte bustader berre har vore 1.225 i snitt.
Årleg blir det difor bygd minst 1.000 bustader for lite, noko som har vore sterkt medverkande til å presse prisane opp.
Les også
- Trur du ein vekst til 3000 i året, som Rygg ser for seg, vil vere nok?
- Nei, eg trur det framleis vil vere ein ubalanse, viss du ser den sterke sentraliseringa som no skjer. Men det vil vere betre enn i dag – tusen i året er alt for spinkelt, seier Hansen frå Eiendomsmegler Vest.
Tredobling på åtte år
- Kommunen kan ikkje løyse alt, men det er viktig for meg at vi gjer alt vi kan. Det er ikkje noko nytt vi finn på, men vi hentar mellom anna fram planar som har stått stille i lang tid, seier Rygg.
Mellom anna er det planlagt rundt 1000 husvære i både Åsane sentrum og på Paradis. Kring 700 ved Lagunen og Rådal, samt mellom 400 og 500 bueiningar i Søreide sentrum. Han ser òg føre seg fleire tusen nye bustader i ein heilt ny bydel, Nygårdstangen.
Byråden er forsiktig med å tidfeste når tredoblinga skal vere innfridd. Poenget er at tilgangen på nye husvære må vere mykje større enn i dag, meiner Rygg, og viser til år 2020.
- Det er alltid farleg å love noko, men vi må forvente ein auke kvart år. År 2020 kan seiast å vere ein tidshorisont. Men om vi kan klare det raskare er det flott. Vi kan derimot ikkje tru at det kan skje over natta, seier Rygg.
- Kan bli for lite
Dagleg leiar Kenneth Aadland i Aktiv Eiendomsmegling, trur òg ein slik vekst vil dempe prisveksten, men han peiker på at det ikkje berre er tilbodet som styrer prisen.
- Vi veit til dømes ikkje kva som vil skje med tilflyttinga. Blir den større enn ein har trudd, er det ein x-faktor som kan påverke prisane, seier han.
I tillegg peikar han på stadig strengare byggjekrav, både til standard og varmeisolering, som noko som driv prisane opp.
Høghus i sentrum
Fleire av meklarane BT har snakka med meiner ein heller ikkje kjem unna å måtte byggje meir i høgda, for å få plass til alle dei komande byborgarane.
Aadland meiner det kan vere vanskeleg å få det til i byens gamle sentrum, men at ein bør gjere det i nærleiken.
- Kanskje på andre sida av Puddefjorden, der kan ein byggje høgt, noko som òg vil gje gode solforhold. Du sparar enormt med kostnader òg, når du byggjer i høgda, seier han.
Aadland får følgje av dagleg leiar Dag Jonny Johannessen i DNB Eiendom, som meiner politikarane bør lempe på høgdegrenser i Bergen sentrum.
- Ja, eg meiner det må til for å dekkje behovet for små bustader. Vi kan ikkje ha ein by der det berre er tre etasjars hus, seier han.
Ein stad Johannessen meiner kan eigne seg for høge bustadblokker er Nygårdstangen, som Filip Rygg drøymer skal bli ein ny bydel.
- Eg trur det blir ein attraktiv bydel. Nedre Nygård er eit fint område som ein kan få gjort mykje meir ut av, seier han.
- Krev tung politisk innsats
Adm. direktør Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret seier han ønskjer byrådet lykke til, men seier det må leggjast tung politisk prestisje i saka om dei skal få det til.
- Det har vore lagt inn avgrensingar, som at ein skulle byggje langs bybanen. Det har vore prestisjeprosjektet. Det som står att no er å leggje like mykje prestisje i bustadplanane. Det må til, for til liks med Oslo har politikarane i Bergen heile tida liggje bakpå, seier han.
Til liks med fleire utbyggjarar BT har snakka med meiner Øye ein må byggje opp saksbehandlingskapasiteten i kommunen, om ein skal lykkast. I dag brukar Bergen nær tre gongar så lang tid på å behandle ein privat utbyggingsplan, som Oslo og Stavanger.
- Det å auke produksjonen til 3.000 i året kjem ikkje av seg sjølv, men det bør likevel kome før 2020, seier han.
Kva meiner du om bustadsituasjonen i Bergen?
Les også
KOMMENTARER Våre regler
Siste fra Økonomi
Fem punkts plan for auka bustadproduksjon
• Invitere Fylkesmannen, fylkeskommunen og Husbanken til eit felles møte for å bli einige om store bustadprosjekt.
• Starte opp kommunedelplan for Åsane nord (om lag 10 000 husvære).
• Dialog med Miljødepartementet for å løyse bustadprosjektet om Vårheia i Arna (1 500 husvære)
• Fortetting langs bybaneaksen mot Åsane (grovt vurdert til om lag 3000 husvære)
• Transformasjon av Bygarasjen og Dokken, Bergen Sjøfront.
Kjelde: Byrådsavdelinga for byutvikling, klima og miljø
Mest lest på økonomisiden
Rekrutteringsselskaper
Valutaer, indekser og råvarer
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,02 | 5,84 |
|
|
-0,00 | 0,88 |
|
|
+0,05 | 7,53 |
|
|
+0,04 | 8,80 |
| Indekser | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
-1,75% | 485,55 |
|
|
-0,52% | 15 307,17 |
| Råvarer | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjøolje | -1,06 | 101,54 |
Lånekalkulator
Hvor mye kan jeg låne?
Bilforsikring – Sammenlign tilbud