Sivilingeniør Jan Soldal i konsulentselskapet Akvator har konstruert ei fem kilometer lang flytebru som kan få ned køyretida mellom Bergen og Stord til det halve av i dag.

Frå Leirvik på Stord til Haugesund køyrer du i dag seks ferjefrie mil på 50 minutt. På om lag samme distanse til Bergen, på samme E 39, brukar du dobbelt så lang tid. Årsaka er den lange ferjeturen Halhjem — Sandvikvåg og dei mange 60-sonene.

  • _**Les også BTs leder onsdag 9. mars:

Vestlandets tur**_ Kort sagt kortast Ti milliardar kroner omtrent, trur Jan Soldal. For den summen kan det bli hengebru over Langenuen, ny veg over Reksteren og flytebru over Bjørnafjorden. Kort sagt; kortaste vegen Stord — Bergen. 50 minutts køyring.

Det er eit dristig konsept Soldal presenterer – aldri før prøvd nokon stad på kloden; ei rekkje bruelement i lang kjede utan fundamentering i botnen, buktande med straumen opptil 300 meter sidevegs midtfjords. Men teknisk ikkje spesielt vanskeleg, meiner ingeniøren.

Å unngå sideforankring av brua i det inntil 600 meter djupe bassenget sparar store byggekostnader.

Positive, men… Eks-regionvegsjef Olav Ellevset - no leiar for prosjekt Ferjefri E 39 Kristiansand - Trondheim - applauderer Soldal og Akvators innspel for kortaste reise Stord-Bergen.

Positiv er også Hordaland-representant i Stortingets transportkomité, Magne Rommetveit (Ap).

Støtta er neppe nok til å hindra at det ferjefrie alternativet - iallfall det første - mellom Bergen og Stord vil gå med hengebru over Langenuen, på austsida av Tysnes og via Fusa og Os til byn.

Den indre Hordfast-traséen, prisa til rund ti milliardar kroner, har fått stadig fleire tilhengjarar - i politikk og næringsliv - fordi det baserer seg på kjent teknologi, og fordi det knyter Indre Hordaland - og faktisk Austlandet - mest effektivt opp mot Kyststamvegen.

Kva meiner du om planane? Sei di mening!