- Potensialet for å integrere dyrking av tang og tare i tradisjonelt havbruk er enormt, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Bellona meiner det rundt norske oppdrettsanlegg er potensial for å produsere meir enn to millionar tonn tang og tare kvart år. Til samanlikning blir det på verdsbasis dyrka kring 15 millionar tonn årleg, meste­parten i Aust-Asia.

Diamantar i vårt hundreår

I dag finst det ingen som dyrkar tang og tare kommersielt her i landet. Og sjølv om det enno er eit stykke fram, er Bellona trygge på at havbruk på algar som tang og tare både vil bli ei stor næring langs norskekysten og svært viktig i eit klima­perspektiv.

- Vi trur algar kjem til å bli diamantane i vårt hundreår. Alt som i dag finst av petroleumsprodukt kan vi også framstille av algar. Men det vil ta tid å byggje opp ein effektiv produksjon, seier seniorrådgjevar Anne Lise Leonczek i Bellona, ansvarleg for havbruk og spørsmål knytt til biomasse frå algar.

Mange testprosjekt

Bergens Tidende skreiv i januar om nederlendaren Job Schipper og selskapet hans Hortimare som i tre år har dyrka tang og tare ved oppdrettsanlegget til Sulefisk i Solund. Dette er eitt av fleire prøveprosjekt som no er i gang langs norskekysten.

Miljøstiftinga Bellona har dei siste to åra vore med på ulike testprosjekt. Ved Florø ser SINTEF, Havforskingsinstituttet, NTNU og Bellona på korleis sukker­tare kan nyttast til produksjon av biomasse og bioenergi, altså drivstoff.

I Lysefjorden samarbeider dei med Blue Planet, Rogaland fylkeskommune og Lerøy, verdas nest største oppdrettar av laks og aure, om dyrking av tang og tare ved eit setjefiskanlegg. Og i Ytre Namdalen er miljø­organisasjonen med på eit tilsvarande prøveprosjekt saman med Val vidaregåande skole som har ein matfiskkonsesjon for laks.

Store gulrøter

- For folk flest er det nytt og uvant å tenkje at algar kan brukast til menneskemat, fiskefôr og energi. Men vi lever i ei verd med stor auke i folketalet og store klimautfordringar. Samstundes ser vi at konfliktane veks om kva vi skal bruke landjorda til, matproduksjon eller plantar som kan brukast til å lage energi. I ein slik situasjon er det nødvendig at vi tek til å tenkje nytt, seier Leonczek i Bellona.

Algar kan binde store mengder karbondioksid (CO2). Forsøk Havforskingsinstituttet har gjort med å pumpe vatn frå djupet og opp i lyset under anlegg for havbruk, viser at algeveksten då aukar kraftig.

Berre ved eitt oppdrettsanlegg kan algar binde karbondioksid tilsvarande årlege utslepp frå 6000 personbilar.

- Av tang og tare kan det lagast alt frå klede til petroleumsprodukt. Det ligg nokre store gulrøter og ventar, seier Leonczek.

Dyrke blåskjel

Tang og tare brukar dessutan nitrogen, fosfor og andre næringsstoff som det er i ferd med å bli for mykje av i sjø og hav. Algeskogar ved oppdrettsanlegga kan bli habitat for leppefisk som forsyner seg av lakselusa på oppdrettsfisk.

Bellona ser no også på sjansane for å dyrke blåskjel i lag med fiske— og algeproduksjon i eit integrert system. Dette er det gjort vellukka forsøk med i Canada.

I tillegg til menneskemat trur Bellona blåskjel kan brukast i fiskefôr og dermed erstatte andre marine artar.

Bellona-sjef Frederic Hauge seier dei har kome langt i planlegginga av eit anlegg i fullskala som kombinerer oppdrett og taredyrking. Anlegget skal plasserast på Vestlandet, men han vil førebels ikkje seie kvar.

- Vi håpar å vere i gang ganske snart, i beste fall kanskje alt om eit års tid.

- Gunstig løysing

- Då dei første pionerane starta med laks som husdyr, tenkte dei neppe på lakselus, fiskesjukdomar og vanskar for villaksen. Finst det ingen farar med tang- og taredyrking?

- Alle løysingar har også negative konsekvensar. Dersom vi plantar ut store område med tare, blir det svære monokulturar. Det trur eg vi må vere varsame med. Med kunnskapen vi har i dag, trur vi likevel produksjon av biomasse frå oppdrett kan vere gunstig både for oppdrettarar, fiskeproduksjon og miljøet, seier Frederic Hauge.