• Dei som kjøper transporttenester må ta sitt samfunnsansvar for å få stoppa vogntogulukkene, seier UP-sjef Leon Nordanger.

Stadig fleire utanlandske vogntog køyrer på norske vegar.

Drepne av hengarar

På E16 mellom Bergen og Voss har det siste året vore mange dødsulukker. I fleire av dei er vogntog innblanda. I to tilfelle er menneske drepne av hengarane på vogntog.

Sist veke var det ei ny hengarulukke. Hengaren på eit tysk vogntog med dårlege dekk, trefte ein personbil. Ei kvinne vart skadd og sat fastklemt, men overlevde.

Kjøper billigaste transport

— Fellesnemnaren for veldig mange av ulukkene, er at det er utanlandske vogntog innblanda. Ofte har dei for dårlege dekk for norske forhold. Banepålagde dekk med hard gummi, gjev redusert friksjon på hardt underlag. Det er også stor skilnad på sjåførane. Mange utanlandske sjåførar har eit svært stort arbeidspress, seier politiadvokat Line Skjengen i Hordaland politidistrikt til bt.no.

— Dei aller fleste køyrer med lovlege dekk, men mange vogntog køyrer med dekk som ikkje er egna for nordiske forhold, seier Leon Nordanger, som leier Utrykningspolitiet på Vestlandet, til bt.no.

— Dei som kjøper transporttenester må ta sitt samfunnsansvar. Økonomien i transportbransjen kan vera tøff, men ein må ikkje setta seg i ein situasjon der ein må kjøpa dei billigaste tenestene. Noko som i neste omgang kan føra til alvorlege trafikkulykker, seier Leon Nordanger.

- Det er litt fritt vilt

— Vi i bransjen reagerer på dei ulike konkurransevilkåra. Utanlandske vogntog kjem inn og tar jobbane. Dei køyrer ofte på dårlege dekk, med dårlegare utstyr og på heilt andre lønnsvilkår, seier Stein Inge Larsen, som eig Byrknes Auto, til bt.no.

Byrknes Auto, med hovudkontor på Byrkjnesøy i Gulen kommune, har om lag 100 tilsette og eig 33 vogntog.

— Det eine er at staten må setja like krav til alle transportørar som køyrer her i landet. Ta det med dekk; utanlandske vogntog køyrer 250.000 kilometer på hard gummi, medan vi køyrer 80.000 kilometer på mjuk gummi. Dei dekka vi køyrer på, er dei einaste som er brukandes til å ta seg fram på norske vegar med. Andre saker er krav til kjettingar og krav om autopass. Det er positivt at samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa no vil krevja at også dei utanlandske køyretøya skal ha skikkelege dekk og autopass, for å få køyra i Norge, seier Larsen.

— Det andre er dei mange brota på kabotasjereglane, med utanlandske sjåførar som driv transport mellom norske byar. Sjøl om ein norsk sjåfør med løn på 40.000 kroner i månaden leverer betre kvalitet, kan ein ikkje konkurrera med ein litauisk sjåfør som tener 8.000 kroner i månaden. Det er blitt fritt vilt i transportbransjen etter finanskrisen eskalerte og førte til stor arbeidsløysa i Europa, seier stortransportøren.

- Bør ein ikkje krevja større samfunnsansvar av som kjøper av transporttenester?

— Jo, i dette her stør eg UP-sjefen hundre prosent. Det er klart at eksportørane og importørane må ta eit samfunnsansvar. Men først må AS Norge gjera sin jobb, å innføra like konkurranseforhold. I dag er reglane altfor opne og uklåre. Nokre eksportørar tar berre ikkje samfunnsansvar uansett. Med klarare reglar, blir det lettare å slå ned på dei, seier Larsen.

Dette er kabotasjereglane.

— Vil ikkje ha straffeansvar for kjøpar

— Vi organiserer dei som kjøper transportoppdrag, og vi meiner vi tar eit samfunnsansvar. Men forslaget frå Transportarbeiderforbundet, om at oppdragsgjevarar skal ha eit straffeansvar for ulukker, meiner vi er feil. Dei fleste utanlandske vogntog har utanlandske oppdragsgjevarar når dei kjem til landet. Ved eksport av til dømes fisk, er det som oftast norske oppdragsgjevarar, seier Erling Sæther, direktør for næringspolitikk i Logistikk- og Transportindustriens Landsforening, til bt.no.

- Når dårleg skodde vogntog fører til ulukker, og dei ofte blir brukt fordi dei er dei billegaste og kanskje mest trafikkfarlege, meiner de likevel at dette berre er sjåføren sitt ansvar?

— Ja, det er sjåfør og eigar som har ansvaret etter reglane, og slik meiner vi det bør vera. Vi vil at det berre skal kjøpast oppdrag frå seriøse transportørar. Difor stør vi forslaget om at alle store køyretøy som køyrer i Norge, skal ha vinterdekk og autopass. Hyppige kontrollar på vegane vil og hjelpe. Dersom dette vert gjennomført, vil ein få vekk dei useriøse aktørane, seier Sæther.

- Er det ikkje slik at ein del av dine medlemer nyttar useriøse og trafikkfarlege aktørar i dag?

— Ein del av våre nyttar utanlandske transportørar. Det gjer dei innanfor det som er lov i dag. Eg kan sjølvsagt ikkje garantera for at nokre og bruker useriøse aktørar, seier Sæther.

- «Nær-døden-oppleving»

I ei trafikkulykke er det sjåføren som er ansvarleg og eventuelt vert straffa. Fleire lesarar har kontakta oss om dette:

— Med hvilken rett skal vogntog kunne seile rundt på veien som drapsmaskiner? Jeg kjører veistrekningen Bergen - Voss ofte. Hver gang jeg møter et vogntog tenker jeg at dette er en «nær-døden-opplevelse». Daglig seiler det vogntog ukontrollert rundt på Vestlandsveiene. Mange av ulykkene er hengerulykker. Det er ikke en unnskyldning at sjåførene er utlendinger. Tragediene blir ikke noe mindre av den grunn. Det som er så tragisk er at dette er en form for møteulykker, der bare det er føreren av vogntoget som lastes. Hva med dem som leier inn denne transporten? Med hvilken god grunn aksepterer våre veimyndigheter at dette skjer? Dette er det umulig å forutse for en møtende personbil, og det er alltid vogntoget som vinner. Om noen finner meg livløs etter en bilulykke, ber jeg om at det presiseres at jeg var forberedt på det! skriver en leser til bt.no.

Ein annan lesar vil at vi konsekvent skal omtala og konfrontera dei som eig vogntoget, eller som har tinga transporten, i samband med ulykker:

- Dersom disse selskapene som enten eier eller leier transporten, blir publisert med fullt navn, får man kanskje slutt på denne leken med liv og død som de holder på med. Jeg har tidligere jobbet med transport, og det siste disse selskapene ønsker er å bli knyttet opp mot slike ulykker, skriv denne lesaren til bt.no.

Kva meiner du må gjerast for å få hindra fleire alvorlege ulukker med vogntog?

BILLEGAST, MEN TRAFIKKFARLEG: Å nytta dei billegaste transportselskapa, kan føra til alvorlege trafikkulukker, meiner UP-sjef Leon Nordanger.
BT ARKIV
LIKE REGLAR: A/S Norge må settja like reglar for alle store køyrtøy på norske vegar. No er det litt fritt vilt på vegane, seier eigar av Byrknes Auto, Stein Inge Larsen.
TOR HØVIK (ARKIV)