Utspelet kjem ikkje frå Høgre eller Frp, men frå ein fylkespolitikar i Ap som var med på utsal av både offentleg eigde transportselskap og energiverk. I 2003 var Midttun fylkesordførar og med på å selje Finnmark Fylkesrederi & Ruteselskap (FFR) til private aktørar. Og har ikkje angra eit sekund.

— Like bra tilbod i dag

I dag avgjer fylkestinget i Møre og Romsdal om dei skal selje sin aksjepost på 41 prosent til det familieeigde selskapet på Sunnmøre. Konsernleiinga i Fjord1 ber majoritetseigar Sogn og Fjordane fylke akseptere det maritime industriselskapet Havila som ny eigar. Den tidlegare Finnmarksordføraren meiner også Sogn og Fjordane bør selje.

— Vår oppgåve som politikarar er å syte for gode offentlege transporttilbod. Ingen samfunnsomsyn tilseier at det offentlege må eige, for alle ruter er jo på anbod uansett, seier Midttun, som fekk mykje juling då FFR vart seld.

— Det var eit tradisjonsrikt selskap som finnmarkingane kjende eigarskap til. Men i dag ser dei at rutetilbodet er minst like bra, og ingen snakkar om at det var feil.

Ho viser til at det er fint å hente utbyte i gode tider, men tøff konkurranse og store kapitalbehov kan fort bli eit åk for ein offentleg eigar. Finnmark fylke fekk 190 millionar kroner for FFR i 2003.

— Det var pengar som kom godt med, og som vi enno nyt godt av.

— Folkets eige

Den 68 år gamle eks-fylkesordføraren trur at utkantfylka Finnmark og Sogn og Fjordane har mykje felles med tanke på infrastruktur og synet på eigarskap. Og mykje tyder på at kjenslene rundt den fylkeskommunale eigarskapen i Fjord1 framleis er sterke i Sogn og Fjordane. Det meiner i alle fall historikar og tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Johs. B. Thue.

— Fjord1 er i utgangspunktet folkets eige, og slik bør det framleis vere, meiner Thue. -- Dette er ei gåve frå fortida som vi framleis kan hauste av. Hugs på at framlegga om å privatisere selskapet ikkje er av ny dato. Dei florerte allereie på slutten av 1800-talet, då det heitte Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskap. Det var like feil den gongen som det er no.

Generelt meiner Thue at fylkeskommunen eig altfor lite av verdiane som blir skapte i Sogn og Fjordane.

— Vi gav praktisk tala bort kraftressursane våre, seier han.

- Kva negative sider er knytt til fylkeskommunal eigarskap?

— Det må vere opphopinga av nokre få, maktglade personar i Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Vi finn dei særleg i kraftbransjen, der dei synest å tvihalde på posisjonane sine, seier Johs B. Thue.

Bør fylkeskommunane selje? Sei kva du meiner i kommentarfeltet under!