Ekteparet Løvik og Mergulhao kan få erstatning for tapa som følgje av ankesaka. Advokaten deira har sendt brev til motpartens advokat Edmund Bolstad, med varsel om at han kan bli stilt økonomisk ansvarleg.

"Det følger av domstollovens §200 at en prosessfullmektig som gjør seg skyldig i forsømmelser eller annet utilbørlig forhold under rettergang, kan straffes med bøter og helt eller delvis ilegges erstatning til den skadelidte", skriv advokat Christian Grahl-Madsen, og held fram:

"Vår klient er påført tap som følge av ankesaken. Du varsles med dette om at det vil være aktuelt å gjøre advokatansvar gjeldende".

Ekteparet har ekstra låneutgifter, i tillegg til at dei meiner dei går glipp av leigeinntekter på 15-20.000 kroner månaden frå 1. januar.

Fryktar ingenting

Advokat Edmund Bolstad reagerer sterkt på brevet.

— Eg oppfattar det som forsøk på få meg til setje interesse til min part til side for å berge mitt eige skinn, seier han.

Bolstad viser til Reglar for god advokatskikk, der det står at "En advokat må ikke reise spørsmål om ansvar for en kollega, for derved å søke å influere på hans forsvarlige ivaretakelse av en klients tarv."

— Først prøvar dei å få med namsmannen på utkasting, så gjennom dette varselet å få advokaten til å trekkje saka, og så bruker dei BT, seier Bolstad, som meiner motivet ikkje er å unngå økonomisk skade men å overta eigedommen.

- Fryktar du at du kan bli gjort erstatningspliktig?

— Nei, det gjer eg absolutt ikkje, seier Bolstad.

Avviser press

Ekteparets advokat, Christian Grahl-Madsen, meiner det er rett å varsle motpartens advokat i ei slik sak, fordi han meiner anken er ugrunna og klientane hans har fått eit tap, og då ikkje berre økonomisk.

Han avviser at han har brote advokatreglane.

— Meininga med varselet er definitivt ikkje å påverke advokaten, særlig ettersom saka allereie er anka og tilsvar levert. Dette gjeld noko han allereie har gjort, og ikkje at han skal unngå å gjere noko i framtida, seier han.