ASBJØRN KRISTOFFERSEN asbjorn.kristoffersen@bergens-tidende.no

I haust var John Hausberg så fortvila over økonomien at sal av livsverket stod for han som einaste utvegen.Etter tre års drift var det ikkje mogleg for driftsselskapet å betala ned gjeld. Alle søknader om offentlege tilskot vart avslått.— I lang tid kom dette til å skugga for den framtida eg såg for "Loyal". Eg visste at mange var glade i skuta, men eg hadde knapt rekna med den unisone og sterke responsen frå enkeltmenneske så vel som firma, organisasjonar og lag.- Det fekk meg til å endra meining. I dag er eg glad for det. Det er den sterkaste handsrekning "Loyal" har fått. - Då innsåg eg til fulle at det ville vera sårt for veldig mange, inklusiv meg sjølv, om "Loyal" skulle forsvinna ut or landet. Det måtte berre ikkje skje!Det er John Hausbergs son, Audun, som no har overteke drifta av Kvitegaleasen. Han inviterer alle interesserte til å melda seg på skjergardstur i påska og den årlege Shetlandsregattaen i pinsa. Og til hausten kan det bli ein heilt spesiell tur til Kanariøyane for dei som både vil ha segl og sol og varme.Årets storhende blir Cutty Sark, ein av dei største regattaen i verda, som også var innom Bergen i 1993. Eit vilkår for å delta er at minst halvparten av mannskapet skal vera mellom 16 og 25 år. Audun Hausberg har invitert alle kommunane i Hordaland til å senda deltakarar og vonar også å få med reprsentantar frå næringslivet."Loyal" er avhengig av å segla inn alle utgiftene sjølv. Skuta er ikkje musealt restaurert, det ville ikkje vera mogleg både å tilfredsstilla Riksantikvarens krav og Sjøfartsdirektoratets regelverk dersom skuta skal kunna segla i sitt gamle kjølvatn, seier Audun Hausberg.I dei tre åra Kvitegaleasen har hatt saltvatn under kjølen har ho berre greidd å segla inn nok til å dekka driftsutgiftene, utan nedbetaling av gjeld. For å få rekneskapen til å gå i hop, med nye, dyre redningsvestar og vedlikehald, etterlyser Audun Hausberg fleire friviljuge som mannskap, førstereismannskap så vel som profesjonelle. Den nye reiaren vil også gjerne ha fleire økonomiske støttespelarar.Mange har alt gjeve støtte.- Det mest handfaste beviset på dette er laget "Loyale Venner" som har nær 500 medlemer, seier John Hausberg.

"Loyal" forblir på Vestlandet, og skal delta i årets Cutty Sark-seilas.