EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noI går fekk HSD att alle sertifikat for systerskipet til "Sleipner", som sokk ved Bloksene 26. november 1999. "Draupner" vart lagt til kai få dagar etter tragedien som tok 16 menneskeliv. Redningsutstyret på ulykkesbåten hadde ikkje fungert som det skulle. Sidan har den flunkande nye snøggbåten lege til kai, medan pengane har rent ut av HSD-kassa.— Den totale kostnaden ligg på om lag 15 millionar kroner, seier konstituert administrerande direktør Geir Aga i HSD Sjø.Det er først og fremst kapitalkostnadane som fører til det store tapet, saman med utgifter til vedlikehald og tilsyn. Mot semje med Austal Medan HSD har fått fullt forsikringsoppgjer for "Sleipner", har dei ikkje stort håp om å få hjelp med rekninga for "Draupner". Tidlegare har HSD-leiinga sagt det kunne bli aktuelt med søksmål mot australske Austal Ships, som leverte båten. HSD meinte Austal hadde brote kontraktsvilkåra med dei mange feila som vart påvist etter katastrofen på Sletta.- Det ligg an til ei minneleg ordning med Austal. Men det er ikkje tvil om at mesteparten av kostnadane kjem på oss, seier Aga i dag. Uaktuell for Noreg HSD gjekk på eit underskot på 65,3 millionar kroner før skatt i fjor. Flaggruten mellom Bergen og Stavanger er ei av rutene som har vore truga av problema etter at trafikken har svikta dramatisk.Det er ikkje aktuelt å setje inn att "Draupner" i rutedrift i HSD. Truleg blir båten leigd ut til utlandet i første omgang.- Det er heller ikkje uaktuelt å selje båten, seier Aga, som ventar ei avklaring før månaden er omme. Godkjenner sveisane HSD er ikkje spesielt nøgd med at det har tatt 17 månader å få godkjent båten. Allereie i fjor sommar var båten klar med ny dobbel botn, nytt redningsutstyr, nye redningsvestar og nye rutiner på brua. Først nesten eitt år etter har Sjøfartsdirektoratet sertifikata klare.- Vi har ikkje somla. Det har vore viktig for oss å få belyst alle forhold rundt båten, seier tryggleiksdirektør Odd N. Skaug i Sjøfartsdirektoratet. Noko av det som har tatt tid, er dei store spørsmåla som har vore stilt ved konstruksjonen av båten. Sjøfartsdirektoratet har konkludert med at alt er i orden, trass i ekspertrapportar som hevdar det motsette.