• Eg hadde vorte vitskremd, seier 86-år gamle Sigrid Uglehus. Ho var heldigvis ikkje heime då to enorme steinblokker rasa ut og hamna på kvar side av huset hennar.

Vignett: Ras ved Mundheim

HILDE KRISTIN STRAND

TOR LEIF PEDERSEN

RUNE SÆVIG (foto)

Det var i morgontimane tysdag at to steinblokker losna i fjellsida over huset til Sigrid Uglehus i Mundheimsdalen. Steinane rasa ned fjellsida og landa på kvar si side av huset, den eine knappe 20 meter unna.

Den andre steinen la garasjen under seg og vart liggjande halvvegs ut i vegbana før han stoppa om lag åtte meter frå huset til Sigrid. På vegen ned tok steinane med seg både jord, småstein og graner. Det er tydelege renner i terrenget der raset gjekk.

Hadde vorte skremd

— Eg er glad eg ikkje var heime. Eg hadde vorte vitskremd, kan du skjøna, dersom eg hadde vore der og fått ein stein på kvar side av huset, seier 86-åringen.

Sigrid budde i huset fram til januar i år. No bur ho på sjukeheimen i Norheimsund. I dag tidleg fekk ho sjå bilete av huset sitt med store steinar på kvar side av det.

— Korleis ser det ut, spør ho då BT vitjar henne. Ho vil vita mest mogleg om det som skjedde, og er ikkje sikker på om ho verken orkar eller ønskjer å reisa attende.

— Det trur eg vert vemodig, seier ho.

— Det er best å ikkje rippa opp i dette.

Garasjen som vart øydelagt synest ho ikkje det er så nøye med, den brukte ho ikkje likevel.

— Borneborna får byggja han opp att dersom dei overtek huset, seier Sigrid.

Graner for å hindra ras

Sigrid fortel at det har gått snøras i området tidlegare, men ikkje steinras så store som dette.

— Det har gått mindre ras. På oppsida av huset er det planta graner som skulle hindra at ras trefte huset.

Denne gongen greidde ikkje granene å stoppa steinblokkene.

— Det har vore store krefter i sving, seier Pål Haga, lensmannsbetjent i Kvam herad. Både politiet og vegvesenet var på plass frå tidleg om morgonen.

Fleire hundre tonn stein

Raset vart varsla like før klokka 6 tysdag morgon.

— Fleire tusen kubikk lausmasse og to steinar som veg fleire hundre tonn kvar rasa ut, fortel Ingmar Ølmheim, overingeniør med vedlikehaldsansvar i Statens Vegvesen.

Både den eine steinen og jord og småstein sperra vegbana, og vegen vart difor stengd. Vegvesenet hadde geologar på plass alt på føremiddagen, og desse jobba med å finna ut om det var fare for fleire ras i området.

— Nokre parti 200-300 meter opp for vegen er noko oppsprukke, fortel geolog Espen Hammersland. Då BT snakka med geologen ved middagstider venta han på ein kollega frå Oslo som skulle vera med på synfaring i rasområdet om ettermiddagen.

Han seier sjølve Mundheimsdalen ikkje er rekna som spesielt rasfarleg, men at området er som Vestlandet elles.

GLAD FOR Å HA FLYTTA: Fram til januar i år budde 86-år gamle Sigrid Uglehus i huset som utruleg nok ikkje vart øydelagt av raset tysdag morgon. Sigrid er glad for at ho sat trygt på sjukeheimen i Norheimsund.

FLAKS: Ein øydelagt garasje var resultatet etter at to steinblokker på fleire hundre tonn losna frå fjellsida over huset til Sigrid Uglehus. Steinane landa om lag 20 og åtte meter frå huset.