• Samarbeid har vore nøkkelen til suksess på Årstad vidaregåande skule, meiner helsesøster Agnes Giertsen.

— Når elevane kjem til skulestart er vi veldig tydelege, flyttar kontoret ut i aulaen og viser oss fram. Vi har eit lågterskeltilbod der elevane kan kome direkte til oss. Det skal vere så ufarleg som mulig, fortel Agnes Giertsen. Ho er helsesøster på det som er Norges største vidaregåande skule, Årstad Vgs..

På kontoret sitt tek ho imot besøk frå til saman 1400 elevar. Ho har både kondomar og twist som ho delar ut. Då Giertsen kom til Årstad Vgs. for seks år sidan, hadde dei ikkje hatt skulehelseteneste på ti år.

— Det var veldig greitt å få vere med å byggje opp ei skikkeleg tilbod. Skulen er eigd av fylkeskommunen, medan elevane er kommunen sitt ansvar. Derfor er vi nøydde å samarbeide, og dette har vi fått til, seier ho.

Leiinga på skulen ser på elevane som ei viktig gruppe. Årstad Vgs har helsesøster fire dagar i veka og skulelege tre timar i veka. I tillegg kjem psykiatrisk sjukepleiar og psykolog ein dag i veka.

— Ungdommen har problem ute i samfunnet. 20 prosent har psykiske lidingar. Vi ønskjer å gjere noko med det, ikkje dekke over det, avsluttar Giertsen.