PER MARIFJÆREN

Distriktskommunen Hornindal deltek ikkje i hylekoret mot sentralmakta. Landbruk, møbelindustri og tradisjonelt handverk er bærebjelkane i det vesle lokalsamfunnet.

— Det er gjort eit solid økonomisk handverk her, heilt sidan skilsmissa frå Stryn. Vi er ikkje nokon stor eller rik kommune, men vi har da det vi treng av tilbod og tenester, seier ordførar Bjørn Lødemel.

Kommunen klarer å halde drifta sånn nokonlunde i balanse, i fjor med eit overskot på 2,5 millionar. Arvesølvet vart realisert i 1996, då kommunen fekk 25 millionar for kraftaksjane sine. Avkastninga har gått i drifta, medan grunnkapitalen står urørt.

— Og så kom vi oss ut av aksjemarknaden i tide, smiler Lødemel.

I dag står millionane trygt på bankbok.

Bittert ekteskap

Ordførar Lødemel i Hornindal viser oss inn i «Smia», antakeleg blant dei finaste kommunehusa på vestlandet. Ikkje størst, ikkje mest prangande, men som så mykje anna her er det kombinerte rådhuset og bibiloteket fra 1995 passe stort og veldig funksjonelt.

— Liten adminstrasjon, høg kompetanse, smiler den relativt unge ordføraren og tar oss gjennom resepsjonen. Så forbi to kantinebord med lunsjande byråkratar via ein stor natursteinspeis og ut ei glasdør på andre sida av bygget. Der ligg det vakre Hornindalsvatnet berre nokre få steintrappetrinn unna.

Vi blir ståande å sjå ut over vatnet, Europas djupaste innsjø. I 1964 vart Hornindal kommune utradert etter ei tvangsamanslåing med nabokommunen Stryn. Etter 13 bitre år og samanhengande kamp for kommunalt sjølvstende vart Hornindal atter sjølvstendig kommune i 1977.

— Vi har i allefall lært at samarbeid og samanslåing må vere frivillig, elles går det ikkje, seier Lødemel. - I dag har vi eit godt forhold til alle nabokommunane, inkludert Stryn. Og vi samarbeider faktisk godt på ei rekke område.

Sjølv om ordførar Lødemel er kommunalministerens partifelle og beste politiske ven, kan han likevel ikkje skjule uroa over framtida for ein minikommune som hans.

— Eg er svært spent på kva som kjem i dette budsjettet. Som liten, skattesvak kommune vil vi merke endringar i overføringane med ein einaste gong, seier han.

Ingen blir overraska om regjeringa i dag strammar inn nye knepp for å få større einingar i kommune-Norge.

— Men det er skilnad på frivillig samarbeid og tvangssamanslånga som vi opplevde, seier Lødemel, som meiner samarbeidet mellom kommunane utmerka godt kan ende opp i ei ny samanslåing.

— Vi ser jo at vi går tettare og tettare saman med naboane for kvart år, sier han.

Skrekkscenariet

Hornindal har det meste som dei 1226 innbyggarane kan forlange av ein småkommune; ein god skule, fint indrettsanlegg, stor, fin barnehage, ny aldersheim og sosialsenter. Og i desse dagar blir det vesle kommunesenteret Grodås totalopprusta med tonnevis brustein og kantstein; eit samarbeid mellom kommunen og Vegvesenet.

Mykje går an å få til i ein liten kommune, resultata kjem fort, og er godt synlege for folk. Den negative sida er ei viss utflytting, og det lumske bygdedyret ligg alltid på lur.

I produksjonshallen hjå Ekornes Møbler, avdeling Grodås luktar det tørt treverk. Lydane frå høvlar og fresemaskiner gjer det umogeleg å vere i rommet utan hørselsvern.

Dette er Europas mest moderne fabrikk for bearbeiding av treverk til møblar. Her står robotar saman med sage-, frese-, bore- og pussemaskiner på rekke og rad. Alt datastyrt og maksimalt automatisert. Alle dei synlege tredetaljane til Ekornes-kolleksjonen blir produsert av desse maskinene, og av dei 85 tilsette som går på to skift her.

For Hornindal kommune er det store skrekkscenarioet å misse denne hjørnesteinsbedrifta. Tidleg på 90-talet var det nære på, men i dag er fabrikken ein solid suksess i Ekornes-konsernet.

Kontakt med omverda

Trearbeid og tradisjonar står enno sterkt i Hornindal. Lenger oppe i dalen driv folk enno med tradisjonelt trearbeid, treskjering av møblar og figurar. For ikkje å snakke om smie-tradisjonane i bygda, som ein gong var hovudleverandør av ljåblad til store deler av landet.

På andre sida av elva ligg idrettsanlegg, ballbinge, uteområde og barnehage. Og skulen, med nesten 200 elevar.

Både i undervisinga der og i den kommunale kulturskulen blir mykje konsenterert rundt tradisjonell song og spel. Elles blir kulturtilbodet alltid smalare i ein småkommune. Men honndølene håpar på god kontakt med omverda, ikkje minst med den planlagte Kvivsvegen som vil korte reisetida til Volda ned til 25 minuttar, medan kommunesentra i Stryn og Eid ligg 20-30 minuttar unna.

Då går det an å vere lukkeleg som liten likevel.

DELT FRA NABOANE, DELT I NÆRING: Hornindal kommune er bitteliten, men lukkeleg slik. Her lever Ekornes' hypermoderne robotar i same bygd som tradisjonsrike treskjærarverksemder. Motoman-roboten utfører stakkato, men perfekt arbeid, og skiftar sågar ut slipepapiret utan hjelp. På Brødrene Espe sitt treskjerarverkstad er tempoet rolegare, men arbeidet ikkje mindre nøyaktig. Knut (nærast) og Audun Espe veit kva som skal til i skikkeleg handverk.

FOLKETONAR: Lærar på musikkskulen, Oline Løvlid, har samla eit stort materiale av lokale folketonar som ho brukar i undervisinga. Her er det Ida Pauline Lødøen (til venstre) og Karina Haugen, begge 9 år, som viser kva dei kan. Ida Pauline skal dessutan også opptre på Vestlandskappleiken i bergen kommande helg.

ORDFØRAR MED KONTROLL: Økonomien treng ikkje gå skeis fordi om kommunen er liten, meiner ordførar Bjørn Lødemel i Hornindal (1226 innb.), her framfor det fine kommunehuset fra 1995.