Chassiset er eit lastebilchassis av L230-serien, som Volvo laga 3700 stk av mellom 1951 og 1954. Dette er ein L234, den lengste versjonen med 470 cm akselavstand.

Konverterte ved å bytte bakdøra
Konvertering frå varebil til buss vart gjort gjennom å bytte ut ”bakdøra” med ein fast vegg, demontering av delevegg (med lita glasrute) mellom førar og lasterom og montering av passasjerseter. I lasteversjon var ”bakdøra” ei luke, hengsla nede, som bare dekka nedste del av opninga og ei presenning festa oppe som dekka resten.

Setene hadde litt høg rygg og var trekte med grøn skai. Setene var i fire seksjonar, to framfor bakhjula og to bak. Det var ei skjene på golvet og ei langs veggen. På golvet vart skjenene skrudde fast og langs veggen var det beslag som dei var festa ned i. Det fremste av desse veggfesta var også feste for den demonterbare deleveggen mellom førar og godsrom.

Bagasjehyller over setene og snor til å trekke i kunne også monterast. Bilen var frå først av grå, men vart sidan gul (sider og tak) og raudbrun (kring vindauga).

Kjørte mest for fabrikkane
R-5755 køyrde mest for fabrikkane i Salhus som kunne fylle opp ein godsbil åleine, men gjekk også i dei andre rutene til selskapet. Bilen var primært godsbil, men hadde vindauge i heile lasterommet slik at den kunne nyttast som fullverdig buss når setene vart monterte.

Bilen vart mykje nytta som utleigebuss i samband med turkøyring o.l. Om våren var det mange turar til Kvamskogen (ski), om sumaren turkøyring i Sør-Noreg. Torleif Matre (son til Monrad) arrangerte turar og hang opp lappar i Salhus og Mjølkeråen, slik at folk kunne melde seg på.



Utleigd til drosjebilsentralen
Då bilen var ny var den ein del utleigd til Drosjebilsentralen. I ein periode først på 1970-talet vart bilen nytta som suppleringsbuss for BNR i ruta Bergen – Nordhordland i større utferdshelgar, som t.d. påske, pinse o.l. Dei køyrde ofte Bergen – Myking eller Bergen – Sævråsvåg. Det var avgang frå Bergen fredag ettermiddag og retur til Bergen sundag ettermiddag.

Bilen var i bruk frå 1952 til 1975, då Den vart kjøpt av Kjell Nilsen i Mjølkeråen. Dei seinare åra hjå Matre var bilen reservebil. Medan bilen var lånt ut til Ådnekvam i 1975 kolliderte han med ein lastebil ved Hesthaugen. Venstre side ved døra vart trykt inn. Dette vart reparert av Nilsen.



Eigarar:
1952 - 1975: Monrad Matre Transportforretning, Mjølkeråen
1975 - 2007 : Kjell Nilsen, Mjølkeråen
2007: Museumssenteret i Salhus



Monrad Matre Transportforretning
Monrad Martre Transportforretning vart skipa i 1927 av Monrad Matre (19??-1973). verksemda omfatta all slags transport med konsesjon for varetransport på strekninga Salhus-Mjølkeråen-Bergen. Denne strekninga vart køyrd dagleg. Firmaet hadde all varetransporten for Salhus Væverier og Salhus Tricotagefabrik.

Firmaet hadde på det meste 7 bilar samstundes. Matre hadde først konsesjon for godskøyring Salhus-Bergen. Seinare spurde Åsane Billag om dei kunne ta over deira godskonsesjon for Åsane, då ÅB ikkje tente på dette. Matre køyrde då Bergen - - Tertnes – Morvik-Mjølkeråen og Bergen – Vågsbotn – Hylkje - Mjølkeråen. I tillegg til dei faste godsrutene hadde firmaet transportkøyring på oppdrag og sjukekøyring.

Firmaet slutta med godsruter ca 1975, men fortsette med å køyre for Flatøy Industrier (Frank Mohn). Dette hadde firmaet starta med før dei selde godsrutene til Arthur Matre. Monrad Matre Transportforretning vart nedlagd kring 1985.