Klave og ku, tunnel og bru

”Med vei skal land bygges!” sa den unge kronprins Olav då han skulle opna Fyksesund bru 9. oktober 1937.

Då hadde han rista seg innover smale, krokete, holete grusvegar i bil frå Trengereid over Kvamskogen til Hardangerfjorden. Kronprinsen var kanskje ikkje heilt politisk korrekt, for politikarane hadde ingen tanke om å byggja landet med vegar, det var baner og båtar som skulle binda landet og landsdelane saman. Vegane var ikkje anna enn korte samband til næraste bryggje eller jernbanestasjon.

Men Fyksesund bru var varslet om at noko nytt kunne koma. Brua opna Ålvik og landet innover fjorden for motorvogner på litt meir moderne vegar, og knapt tre år seinare var det vegopning heilt til Granvin. Samstundes arbeidde dei med vegar frå Eidfjord over Hardangervidda til Hallingdal. I 1985 var samferdselsminister Johan J. Jakobsen med då den lange vegtunnelen mellom Granvin og Vallavik vart opna. ”Har du klave, så får du ku. Har du tunnel, så får du bru!” sa senterpartisten.

Om kort tid er det store arbeidet med bru over Hardangerfjorden kome i gang, og rundt 2012 skal dei første bilane kryssa fjorden ferjefritt på den lengste hengebrua i landet. Dermed vil dei mange bitane vera knytt saman, og veg har bygd landet, som kronprinsen sa ved Fyksesundet for godt over 70 år sidan.

Då kan ein trygt seia at dette vert vegen som dei sa ikkje kunne byggjast, men som vart bygd likevel. I Stortinget var det stort fleirtal i 1974 for at Hardangervegen var umogeleg, stamvegvedtaket vart at stamvegen mellom Vestlandet og Austlandet skulle vera E 16 om Lærdal i Sogn og som kryssar fjellet mot Valdres. Eigentleg var vegen over Hardanger den som dei fleste ynskte, men det var to viktige hindringar: Korleis skulle ein få moderne veg opp den bratte Måbødalen i Eidfjord? Og korleis skulle ein kryssa Hardangerfjorden med bru eller tunnel?

Det viste seg at det ikkje var så umogeleg likevel. Eidfjord kommune fekk nok kraftpengar til at dei kunne ta mykje av byrdene med den nye vegen som på nokre år vart fullført opp dalen – og det er tankevekkande at dei også fekk hjelp i ei tid med arbeidsløyse og krise: Ledige arbeidarar frå Tyssedal og Odda fekk arbeid på vegen, så det gjekk mykje fortare, ledige maskinar frå kraftutbygginga kunne brukast. Og planane for hengebrua over fjorden har vore ferdige i minst 15 år.

Brua er omstridd i dag som ho har vore sidan tanken vart reist for første gong. Det har vore mange planar og mange idear for korleis ein skulle kryssa fjorden, og kvar ein skulle kryssa han. Då Lervågutvalet i Hordaland la fram sin samla hovudvegplan, trudde dei fleste at han måtte gå innom fjorden, frå Ulvik over Osa og vidare til Simadalen og Eidfjord. Dessutan hadde Stortinget vedteke at kreftene og pengane skulle verta samla om ein heilårs ferjefri stamveg nord for Haukelivegen, og den vegen skulle gå om Indre Sogn.

Når bruarbeidet startar, er ikkje målsetjinga først og fremst å konkurrera ut vegen om Sogn. Det er noko vel så viktig: Å fremja næring og levemåte i den tynt folka indre delen av Hordaland, som slit tungt i konkurranse med den rike kysten. Skal dei greia det, treng dei både klave og ku, både tunnel og bru. Og som med brua som det var med tunnelen: Det meste skal dei betala sjølve, i spleiselag med Hordaland fylke og Bergen kommune – akkurat som med Fyksesundbrua. Staten vil tena meir i moms enn Hardanger får i tilskot til milliardbrua!

Siste fra Lokalhistorie

Perle og Bruse 80 år

Kjuaguttene fyller år og tegneren blir hedret.

Da Kniksen ble skotte

For 50 år siden forlot Kniksen Brann og ble skotte.

Kong Glad på Paradis

Bilkøen sto kubb da skøytekongen Hjallis gikk på Myravann.

«Etter flere timers venting ble
de nervøse misser presentert»

23. april 1954 ble den første Miss Bergen kåret.

Fristelsen ble for stor. Birger Ruud
måtte bare sette utfor den uferdige
hoppbakken bak Rundemanen.

Det var i november 1937. Den nye hoppbakken bak Rundemanen var ikke helt ferdig. Men Birger Ruud satte utfor.

Bilder

Fyksesundbrua vart opna av kronprins Olav i 1937. FOTO: Magne Reigstad