Åtte jernbanefora jobbar trufast for kvar sine liner. Medlemer er først og fremst kommunar og fylkeskommunar som banene går gjennom. Skal det byggast høgfartsbane etter heilt andre traséar, må nye lobbyistar på banen, frå byar og bygder som i dag ikkje har jernbanestasjon. Alle vil stilla krav om at toget stoppar, noko som aukar reisetida.

— Det seier seg sjølv at dagens jernbanefora ikkje vil arbeida for å flytta jernbanetrafikken til andre distrikt, seier leiaren i Forum Nye Bergensbanen, Bjørn Christensen. Han er ordførar på Voss.

— Det gjeld også vossingar?

— Voss kjem bra ut av fleire skisserte høgfartsbaner, og det kunne såleis vore freistande å kasta seg på karusellen. Men eg trur rett og slett ikkje på desse vyene. Investeringar i jernbane på 70 milliardar kroner, eller der omkring, verkar heilt usannsynleg, slik eg kjenner det norske samfunnet, seier Christensen.

Dei åtte jernbanefora samarbeider om store konferansar, men eller slåst dei for kvar sitt. Ut frå teorien om at dei først må skaffa pengar i potten til å slåst om, vart ideen om ein paraplyorganisasjon utgreidd. I vår vart prosjektet lagt på is. Sørlandsbanen meinte å stå fremst i køen, og ottast at andre skulle koma opp på sida.