Protest-broderi
Ny protestform i retten i dag.
AV: jo hjelle
Fleire kvinner kom i bunad til tirsdagens rettsmøte. Av dei var det Marta Nerhus si nasjonaldrakt som skilde seg ut. Blant syljer og Hardangersaum stod masteprotesten fint brodert.
Vers i protest
- Eg kunne ikkje ta på meg den kvite reine skjorta. Eg måtte finna på noko for å visa kor forferdeleg galt vedtaket om mastebygginga er, fortalde ho før rettsaka starta i dagtidleg.
Ho hadde tatt på ei svart skjorte der nokre linjer frå diktaren Olav H. Hauge står brodert inn i kragen.
- Du skal ikkje tru på alt for det om det er lov. Skulle alle det gjera, verdi snart snorkesov, siterer ho.
Poesi og opprør
Forkleet var kvitt og reint, så der måtte det også broderast. Ho laga eit lite dikt sjølv:
Menn går gjennom landet med store skor,
millionar i blikket.
Bøen bestemor raka,
fjellet sauene beita,
fjorden der diktaren drøymde,
brudefølgjet målaren måla.
Alt trampar dei ned.
Les også
Siste fra Kraftlinjen i Hardanger
Relaterte bilder
Marta Nerhus med linjer av Olav H. Hauge rundt kragen. FOTO: JO HJELLE

KOMMENTARER Våre regler