• FORBOD: Politiet har innført forbod mot å ferdast nærare enn 150 meter frå mastepunkta på den omstridde kraftlina.

    FOTO: ØIVIND RAKNES

Ferdsleforbod på stølsvegen

Politiet lagar spelereglar for aksjonistane.

Hardangeraksjonistane får ein kronglete veg til fjells etter dette.

Politiet har innført forbod mot å ferdast og opphalda seg innanfor ein radius på 150 meter frå mastepunkta på den omstridde kraftlina.

- Ikkje til å tru

Aksjonar skal meldast til politiet to dagar på førehand. Om politiet ikkje godtar staden for demonstrasjonen, skal politiet bestemma kor mastemotstandarane skal stå.

- Det er ikkje til å tru. No vil me undersøkja om det fins lovheimel for dette, seier nestleiar i Hardangeraksjonen, Anita Aalvik.

Les også

Bunadsaksjonistar fjerna av politiet

Tre mastemotstandarane tatt med av politiet.

Reidun Sleire er bonde i Granvin og brukar fjellet mykje både sommar og vinter.

- Stien opp til stølen går forbi mastepunkt, så eg må vel gå omvegar ut i bratthenga for å koma fram, seier ho.

Politiet kunngjorde dei nye reglane i forrige veke då ho demonstrerte saman med andre i Osafjellet

- Eg trudde ikkje eg høyrde rett og måtte be han lesa det fleire gonger, fortel Sleire.

Dei fekk beskjed om å halda seg vekke til lina er ferdigbygd, men ingen veit kor lang tid det vil ta, meiner Sleire. Skodde og demonstrasjonar skal ha seinka arbeidet i sommar.

- Eit overgrep

Sleire driv med sau og er mykje i fjellet.

- Me plukkar bær, sankar sau og brukar stølen.

I 2005 stod nye bygg ferdige på stølen. Same sommaren vart dei første stikkene sett i jorda tett opp i stølen for å visa kor kraftlina skulle koma.

- Sidan den gongen har eg kjempa mot kraftlina. Dette er eit overgrep mot oss som bur her og brukar fjellet, seier ho.

Forbodet mot ferdsle i fjellet langs linetraseen, ser ho som eit nytt overgrep.

- Ei venninne har støl innanfor forbodssona. Skal eg ikkje kunna besøkja henne?

Det lukkast ikkje bt.no å få kommentar frå lensmannen på Voss.

Les også

Siste fra Kraftlinjen i Hardanger

Broderte ut sinnet

Bunadsaksjonist har ikke mistet tråden i protesten.

Kreves for 12.000 kr hver

Aktor mener Hardanger-aksjonistene Synnøve Kvamme og Magne Hagesæter bør bøtelegges med 12.000 kroner hver for ikke å ha etterkommet politiets pålegg.

Ferdsleforbod ved mastepunkta

- Dette er ikkje til å tru, seier Reidun Sleire som ikkje kan bruke vegen opp til stølen sin.

Bunadsaksjonistar fjerna av politiet

Tre mastemotstandarane tatt med av politiet.

Riksantikvaren: - Nei til mastetrasé i Hardanger

Riksantikvaren nekter Statnett å bygge kraftlinjen gjennom to viktige kulturminneområder i Kvam og Ulvik kommune.

Bygget kraftmaster uten tillatelse

Statnett lovet at kraftmastene ikke skulle reises før alt det formelle var i orden, men bygget dem likevel. - De er preget av arroganse og manglende respekt for privat eiendomsrett, sier grunneier.

Relaterte bilder

OVERRASKA: - Eg trudde ikkje eg høyrde rett, seier Reidun Sleire. FOTO: PRIVAT

LANGVARIG?: Ingen veit kor lang tid det vil ta før mastane er ferdigbygd, påpeiker Sleire. FOTO: ØIVIND RAKNES