• SPELEPLASSEN: Ein ilandføringsstasjon for sjøkabel ville øydeleggja området der «Heilagbrotet» vert framført ved fjordkanten i Simadal. Tidlegare er det vist til at bygda har alternative speleplassar. ARKIVFOTO: Arne Hofseth

Eidfjord snudde også

Eidfjord kommunestyre har snudd ryggen til resten av Hardanger og går inn for kraftline i luftspenn, men vil ha meir pengar.

Kommunestyret i Eidfjord gjorde som Hordaland Ap, snudde 180 gradar, frå nei til ja til luftspenn.

Snuoperasjonen skjedde få timar før fristen for uttale til sjøkabelutgreiingane gjekk ut.

Drama
Blant argumenta var at ilandføringa av sjøkabel kan rasera speleplassen for det historiske spelet «Heilagbrotet» ved fjordkanten i Simadal. Ei spesialkonstruert scene vart bygt til urframføringa av dramaet om Rika-Ragna under kyrkjejubileet for to år sidan. Dramatikaren Torunn Ystaas har endra litt på manuskriptet, og det er duka for nypremiere Kr. Himmelfartsdag i år. I Eidfjord er det stemning for fleire framsyningar av spelet om Ragna Asolfson frå Simadal som gjorde bot for syndene sine ved å finansiera gamlekyrkja i Eidfjord frå 1309.

Kompensasjon
Sjølv om Eidfjord no går inn for luftspenn, vil kommunestyret ha meir pengar til Hardanger som kompensasjon for ulempene enn dei 100 millionar kronene som Statnett, etter konsesjonsvilkåra, er pålagt å setja av til avbøtande tiltak for reiselivet.

I debatten vart det påpeika at kraftstasjonen i Simadal og Sysedammen ikkje er til ulempe for reiselivet, men tvert om blitt viktige turistattraksjonar.

Tidlegare er det kjent at utsendingar frå Voss Ap røysta for luftspenn under fylkespartiet sitt snuoperasjonsmøte sist laurdag.





Les også

Siste fra Kraftlinjen i Hardanger

Broderte ut sinnet

Bunadsaksjonist har ikke mistet tråden i protesten.

Kreves for 12.000 kr hver

Aktor mener Hardanger-aksjonistene Synnøve Kvamme og Magne Hagesæter bør bøtelegges med 12.000 kroner hver for ikke å ha etterkommet politiets pålegg.

Ferdsleforbod ved mastepunkta

- Dette er ikkje til å tru, seier Reidun Sleire som ikkje kan bruke vegen opp til stølen sin.

Bunadsaksjonistar fjerna av politiet

Tre mastemotstandarane tatt med av politiet.

Riksantikvaren: - Nei til mastetrasé i Hardanger

Riksantikvaren nekter Statnett å bygge kraftlinjen gjennom to viktige kulturminneområder i Kvam og Ulvik kommune.

Bygget kraftmaster uten tillatelse

Statnett lovet at kraftmastene ikke skulle reises før alt det formelle var i orden, men bygget dem likevel. - De er preget av arroganse og manglende respekt for privat eiendomsrett, sier grunneier.