n Opptakten til den store narkotikasaka som er blitt rulla opp i Stryn, var beslag av over eitt kilo amfetamin i fjor. Seks personar fekk den gongen kortare straffer for bruk av narkotika.

n Beslaget førte til ytterlegare etterforsking. I vinter pågreip politiet tre personar dei meiner er sentrale.

n To av dei, ei kvinne i 50-åra og son hennar i slutten av 20-åra, er frå Stryn. Den tredje, ei kvinne tidleg i 20-åra, kjem frå Møre og Romsdal. Alle tre er sikta for kjøp, sal og oppbevaring av store mengder narkotika.