• 31-åringen er tiltalt for å ha lurt Aetat og politiet trill rundt i meir enn ti år. Aetat ytte 805.000 kroner i tilskudd fordi dei trudde den handicappa mannen studerte juss, men forlangte aldri å sjå eit einaste eksamenspapir dei ti åra bedrageria varte.
  • Politiet sjekka ikkje om den 31-årige lensmannsonen verkeleg hadde avlagt juridisk embetseksamen, og tilsette han i engasjement som politifullmektig. Mannen aktorerte tre straffesaker, skreiv ut 41 førelegg og avgjorde ei rekke andre påtalesaker.
  • Politimeisteren i Fjordane vedtok i fjor haust ei foretaksstraff på 10.000 kroner i bot for å ha forsømt kontrollplikta. På telefonavhøyr frå ferie i Spania sa dåverande politimeister Bjørn Valvik at han ikkje meiner bota er riktig, men at han vedtok den for å ikkje skape meir negativ merksemd rundt saka.
  • 31-åringen har forklart at han følte seg pressa av familiens og omverdas forventningar, og at han aldri klarte å fortelje at han ikkje eingong hadde bestått eksamen artium. Dermed vart bedraget berre større og større ettersom åra gjekk utan at det vart oppdaga.
  • I meir enn ti år følgde han juss-forelesningane ved Universitetet i Bergen, utan å ha studiekompetanse og utan å avlegge ein einaste deleksamen.
  • Før han vart avslørt i juni 2001, hadde ingen noko å utsetje på arbeidet mannen gjorde som falsk politifullmektig ved Fjordane politikammer.