Slåstkjempen Guile ser både barsk og sterk ut der han står med dei store musklane sine og den litt rare sveisen. Men helten i Streetfighter er stiv og urørleg.

Spelet er over. Bergen ByLAN er forbi for i år.

Befalet stirer apatisk ut over slagmarka: Lemlesta potetgullposar, fortapte colaflasker, pinte pizzakartongar,

— Eg har kanskje sove åtte timar i helga, seier Andreas Mjelde frå Osterøy.

— ... til saman.

I tre døgn har Bergen Racketsenter på Bønes vore pakka med unge datafrikar. Datafesten ByLAN har trekt 700, til og med ein del jenter, og dei har stort sett vore i den virtuelle verda siste 60–70 timane. Måndag føremiddag er det framleis mogleg å puste der inne, så vidt.

— Det er ein del av opplegget å få lov til å rote og grise litt her, seier ByLAN-sjef Ole Irgens. Deltakarane har tatt han på alvor.

Ein medarbeidar plukkar ein skulptur frå kvarandre, ein skulptur teipa saman med gaffateip av tomme boksar Battery og Red Bull. Ingen ting kan halde datafesten vaken lenger no.

Det er tid for å trekke ut kontaktan, rulle kablane, rulle seg sjølv heim og gi seg sjølv og barske Guile ein aldri så liten haustferie.